Populære temareiser med Fotefar Temareiser AS
Alle temareiser samlet. Søk inspirasjon og bestill!.
Shetland med Dag Lindebjerg
12. - 16. juli 2025. Velkomen til ein spennande og innhaldsrik tur til Shetland saman med TV-profilen og “vesterleds-entusiasten” Dag Lindebjerg. Han er journalist frå Bergen og er kjend som sportskommentator i NRK. I tillegg har han i mange år vore programleiar både i radio og TV for fleire ulike seriar. Etter programma om Vesterhavsøyane ville han gjerne tilbake til dette spennande området, og han vart reiseleiar dit. Mange har hatt glede av å vere med han, og no kan det vere din tur til å få ei eventyrreise vest i havet. Med sin engasjerande formidlarstil deler Dag raust av sine kunnskapar om geografien, historia og folket på øyane i vest. Ein tur til Shetland er på fleire måtar som ei reise attende i historia. Folket her har sterke band til Norge og Skandinavia heilt frå vikingane invaderte øyane for meir enn 1000 år sidan. Vi finn eit vakkert, grønt landskap, og vi skal besøke mange historiske attraksjonar. På heile turen nyt vi god mat og møter eit gjestfritt folk i vakre omgjevnader.
5 dager
24 950
1 reise 12 jul
Elvecruise på fire elvar Rhinen, Mosel, Saar og Neckar med Gunnstein Akselberg
17. - 23. juli 2025. Velkommen med på eit innhaldsrikt elvecruise på fire elvar – Rhinen, Mosel, Saar og Neckar og til tre land – Frankrike, Tyskland og Luxemburg. Cruiset startar i vakre, historiske Strasbourg i Frankrike og går så til Mannheim, der ein kan vere med på utflukt til romantiske Heidelberg. Deretter stoppar vi i Rüdesheim am Rhein og Cochem i Mosel-dalen, før vi seglar vidare til Trier, som truleg er Tysklands eldste by. Båten tek oss så til Remich, der vi ligg i to netter, så det blir god tid til å utforske Luxembourg by. Professor Gunnstein Akselberg, best kjend frå Eides språksjov, har lenge interessert seg for dei vakre, tyske kulturbyane. Dei har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk og arkitektur, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie. Vi har heile båten berre for Fotefar, så dette blir ei unik oppleving med daglege kåseri av Gunnstein Akselberg om bord. På elvecruiset vårt bur vi svært godt på Leonardo Da Vinci (4 stjerner), ein hyggeleg elvebåt med 70 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Måltid og drikke om bord er inkludert.
7 dager
25 650
6 reiser neste tur 17 jul
Jubileumstur til USA med historikar Rasmus Sunde
19. - 28. juli 2025. I 2025 er det 200 år sidan den første organiserte utvandringa til Amerika starta, då 52 personar drog ut frå Stavanger med Restauration. Denne hendinga vil bli storleg feira både her i landet og i USA. Vi i Fotefar er glade for å kunne arrangere denne jubileumsturen, der vi får ta del i feiringa og oppleve kor sterke dei norske røtene framleis er på den andre sida av havet. Totalt utvandra det ca. 850 000 personar frå landet vårt, og dei fleste slo seg ned i Midtvesten. På denne turen gjennom dei tre statane Minnesota, Wisconsin og Iowa reiser vi i fotefara til dei norske immigrantane. Vi får oppleve både små og store byar og elles møte både det «norske» og det moderne Amerika. Framfor alt vil vi på denne reisa komme i kontakt med etterkommarar av utvandrarar frå landet vårt. Høgdepunktet på turen vert Nordic Fest i Decorah som varer i tre dagar, der det i år blir ei stor feiring av 200-årsjubileet for utvandringa. I tillegg får vi med oss storbyane Minneapolis og Madison og eit heilt spesielt måltid på Owamni by The Sioux Chef som serverer mat med røter frå Sioux-stammen sine tradisjonelle rettar. Emigrasjonshistorikaren Rasmus Sunde er fagperson på denne svært innhaldsrike turen. Han er spesialist på utvandringa frå Norge, har doktorgrad på emnet og har solid erfaring som turleiar til Midtvesten med 23 turar dit.
9 dager
36 950
1 reise 19 jul
Andrea Bocelli i heimbyen Lajatico
20. - 24. juli 2025. Montecatini. Grøne åssider, vakre landsbyar og gode smakar kjenneteiknar Toscana. Kvart år inviterer den verdskjende tenoren og operasongaren Andrea Bocelli til utandørs operakonsert i heimbyen sin Lajatico. Vi har sikra oss billettar til denne store hendinga. Fotefar gjentek suksessen frå 2023 og 2024, og inviterer deg til å dele denne fantastiske flotte musikalske opplevinga med oss. På turen skal vi bu i byen Montecatini Terme, som ligg midt mellom Firenze og Pisa. Byen har eit spennande sentrum med mange kaféar og butikkar. I tillegg er Montecatini Terme berømt for kurbad og er rekna som den mest kjende av spa-byane i Toscana. I tillegg er byen rekna som eit senter for art nouveau-arkitektur, ein stil vi kjenner som Jugendstil. Som elles i Toscana er det kort veg til dei som dyrkar mat, og vi vil på denne turen få smake på ekte toskanske matrettar med lang historie i regionen. I tillegg til konserten med Bocelli får du høve til å oppleve renessansebyen Firenze, antikkens Lucca, ta kabelbanen til Montecatini Alto, og vi skal besøke ein spennande vingard som ligg vakkert til i det toscanske landskapet.
5 dager
17 950
2 reiser neste tur 20 jul
Andrea Bocelli i heimbyen Lajatico
21. - 25. juli 2025. San Miniato. Grøne åssider, vakre landsbyar og gode smakar kjenneteiknar Toscana. Kvart år inviterer den verdskjende tenoren og operasongaren Andrea Bocelli til utandørs operakonsert i heimbyen sin Lajatico. Fotefar gjentek suksessen frå 2023 og 2024, og inviterer deg til å dele denne musikalske opplevinga saman med oss. På turen skal vi bu i mellomalderbyen San Miniato, som ligg i hjarta av Toscana. Byen har eit hyggeleg sentrum med mange kaféar og butikkar, blant anna finn du trøffelbutikk her. Byen og området rundt har stort fokus på såkalla «Slow Food», altså lokal mat dyrka i nærleiken og laga med tradisjonelle oppskrifter. Her får vi smake på ekte toskanske matrettar med lang historie i regionen. I tillegg til konserten med Bocelli får du høve til å oppleve renessansebyen Firenze, antikkens Lucca, besøke ein vingard som ligg vakkert til i det toscanske landskapet og nyte eit gourmetmåltid på ein av San Miniato*s beste restaurantar.
5 dager
17 950
2 reiser neste tur 21 jul
Vandretur på Shetland
26. juli - 2. august 2025. Velkommen med på vandreturar i vikingane sine fotefar til Shetland. Vi startar med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi bur fint til i den vesle bygda Brae. Derifrå skal vi utforske det grøne, gjestfrie landskapet i dette øysamfunnet som har så mange spor etter vikingane. Vi besøker dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og stader som er sentrale i sagalitteraturen. I tillegg får vi med oss dei viktigaste minnesmerka knytte til Shetlandsgjengen under krigen. Vi legg opp til vandreturar på om lag 2-4 timar i relativt lett terreng dei fleste dagane. Vandreturane kan klassifiserast som relativt lette, medan nokre av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng.
8 dager
24 950
1 reise 26 jul
Olsokfeiring på Færøyane med Kirsti MacDonald Jareg
26. - 30. juli 2025. Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Den storslegne naturen er ei av årsakene til at National Geographic har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet med knapt 50 000 innbyggjarar har også meir enn særeigen natur å by på. Folka på Færøyane er opne og hyggelege, og dei har ei spennande historie og eit rikt kulturliv. Eit av høgdepunkta for mange er båtturen til dei stupbratte klippene og grottene ved fuglefjellet Vestmannabjørgini. Den aller største hendinga gjennom året på Færøyane er Ólavsøka i juli. Det er ein stor folkefest med feiring av nasjonaldagen den 29. juli. Tórshavn har ca. 18 000 innbyggjarar, men under Ólavsøka, som eigentleg betyr vakenatt, blir folketalet dobla. Færøyingane har lagt nasjonaldagen sin til olsok, som er til minne om Heilag Olav som fall på Stiklestad 29. juli 1030. Historia til Færøyane er sterkt knytt til Norge, då det lenge var ein del av Norgesvelde. Kong Sverre voks opp her, og vi besøkjer garden han kom ifrå, Kirkjubøur. Vi i Fotefar har sikra oss hotellrom og er glade for å kunne tilby kundane våre denne eineståande opplevinga også i 2025. Med oss har vi Kirsti MacDonald Jareg som fagguide. Ho har skrive reiseskildringar om fleire av øyane i vest og er oppteken av menneska som bur der.
5 dager
21 450
5 reiser neste tur 26 jul
Ville vesten & Yellowstone med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen
5. - 15. august 2025. Vi er glade for å kunne presentere ein skikkeleg cowboytur til den ville vesten. Dette er ein ekte roadtrip gjennom statane Colorado, Nebraska, Sør-Dakota, Wyoming og Montana, der nokre av høgdepunkta blir: Oppleving i Pine Ridge-reservatet og møte med folk frå Oglala-stammen Wounded Knee, der ein av dei verste massakrane av Sioux-folket fann stad Badlands nasjonalpark Mount Rushmore med dei fire presidentane utskorne i fjell Crazy Horse-monumentet Sioux-folket sitt heilage område i Black Hills Landsbyen Sundance, gjort kjend av The Sundance Kid Landemerket Devil’s Tower Overnatting på westernhotellet The Occidental, der Butch Cassidy har overnatta Little Big Horn, slaget der general Custer døydde Rodeo i cowboybyen Cody Overnatting på Irma Hotel bygd av Buffalo Bill Yellowstone National Park Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen er reiseleiarar på turen. Eva har tidlegare vore korrespondent i USA og har skrive fleire bøker om landet. Joar har lang fartstid som USA-kjennar og journalist. Han har skrive fleire bøker, blant anna “Cowboyer i amerikansk politikk frå Davy Crocket til George W. Bush”. Ekteparet har reist mykje i området der turen vår går. Dei vil fortelje historier og anekdotar om dei kjende namna frå western-historia som Sitting Bull, Jesse James, Wyatt Earp, Annie Oakley Buffalo Bill, general Custer, Calamity Jane, Wild Bill Hickok og mange andre. Vi kan love ein eineståande tur til eit av dei mest spennande områda i USA. På første delen av turen kjem vi nær innpå samfunnet, kulturen og historia til Siouxane. Her blir det både omvising på ein av ungdomsskulane deira og på colleget i reservatet. På veg vestover møter vi byar som har vore sentrale i westernhistoria og i ei mengd filmar og seriar. Her finn vi blant anna opptaksstaden til serien «Den ville vesten» som var så populær i Norge på 80-talet. Velkommen med på ein skikkeleg ville vesten tur!
11 dager
45 950
2 reiser neste tur 5 aug
Cruise til Grønland og Island med Harald Stanghelle
6. - 22. august 2025. Velkommen med på det store cruiset til Grønland og Island! På denne draumeruta får vi oppleve den eksotiske naturen og dyrelivet på desse store øyane vest i havet. Gjennom forelesingar av Harald Stanghelle får vi lære meir om historia og samtida til folka som lever her. Vi startar med fly til Manchester, før bussen køyrer oss til Liverpool, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet, Bolette. Derifrå går ferda forbi Hebridane og nordover til Reykjavik på Island, før vi set kursen mot Grønland og dei gamle norrøne bygdene sørvest på øya. Vi seglar først inn Prins Christians Sund før vi kjem til Narsarsuaq med ruinane etter Eirik Raude sin gard. Vidare går skipet til Sør-Grønlands største by, Qaqortoq og så til Nanortalik, der det er størst sjanse til å sjå isbjørn. Turen held så fram til Isafjordur på vestsida av Island og til Akureyri på nordsida av øya, før vi rundar austsida og seglar sørover i retning Skottland, langs Hebridane igjen, og ned nordvestkysten av England, før vi returnerer til Liverpool. Undervegs på turen blir det spennande foredrag av Harald Stanghelle om tema heilt frå norrøn tid til samfunn og kultur på dei to øyane i moderne tid. Stanghelle budde på Grønland i unge år, og har blant mykje anna vore sjefredaktør i Dagbladet, nyheitsredaktør og politisk redaktør i Aftenposten, i tillegg til leiar i Norsk Redaktørforening. Frå 2019 har han leia hovudprogramkomiteen for Arendalsuka. Det er første gong vi i Fotefar kan tilby denne spennande reiseruta til sørvestsida av Grønland og rundt heile Island. Dette gler vi oss veldig til!
17 dager
44 950
5 reiser neste tur 6 aug
Kystruta Kirkenes til Bergen - Norsk historie frå vikingane til i dag med Hans Olav Lahlum
7. - 12. august 2025. Har du som mange andre drøymt om at du ein gong i livet skal ta ein tur på riksveg 1, den lange sjøvegen langs kysten av landet vårt? No har du ein unik sjanse til å oppleve verdas vakraste sjøreise frå Kirkenes til Bergen saman med historikaren og forfattaren Hans Olav Lahlum som vil halde spennande foredrag om norsk historie frå vikingtida til det moderne Norge. Reisa startar i Kirkenes der vi går om bord i Havila Polaris, som er eit moderne og miljøvennleg cruiseskip med all mogeleg komfort. Skipet har fleire restaurantar som blant anna serverer lokale delikatesser. Fram for alt byr denne turen på fantastiske naturopplevingar langs den spektakulære kysten vår i nord og i vest. Vi seglar gjennom vakre fjordar og dramatiske kystlandskap i nord, opplever nattssola, idylliske øyar i Lofoten, storhavet og tronge sund og øyar på Vestlandet. Skipet stoppar i byar og tettstader som Tromsø, Bodø, Narvik, Trondheim og Bergen, og vi får sjanse til å melde oss på turar til lokale, spennande attraksjonar.
6 dager
17 450
3 reiser neste tur 7 aug
Vandretur på Shetland
9. - 13. august 2025. Shetland er eit fantastisk reisemål for dei som likar vandreturar, med sitt opne, grøne landskap, rike fugle- og dyreliv og dramatiske klipper. Vi startar turen med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi skal bu i historiske omgjevnader på Sumburgh Hotel. Det er kjent for den historiske og sjarmerande atmosfære. Vi bur midt blant kulturminne som Jarlshof og utgravingane på Scatness. Øysamfunnet har sterke band til Norge. Heilt frå vikingane kom hit på slutten av 800-talet og etablerte seg her med eigne lover og språk, har det vore sterke band mellom nordmenn og folket på Shetland. Under andre verdskrig vart desse banda knytte endå tettare saman. Framleis er vi populære gjester her borte. Vandreturane er om lag 2-5 timar i relativt lett terreng dei fleste dagane. Dei er klassifiserast som relativt lette til middels tunge. Nokre av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng.
5 dager
21 950
1 reise 9 aug
Klassisk musikkreise til Bregenz og Luzern med Arild Erikstad
14. - 18. august 2025. Vi er stolte over å kunne invitera til ei eksklusiv klassisk musikkreise til to av Europas mest prestisjefylte musikkfestivalar: Festspela i Bregenz, Austerrike, og Luzern Sommerfestival i Sveits. Vi får oppleve verdsklasse orkester, solistar og dirigentar i omgjevnader som rett og slett må opplevast. Dei første operafestspela i Bregenz fann stad i 1946, og har gjennom åra etablert seg som eit heilt unikt festspel. Her ser vi operaen Der Freischütz på ein gigantisk utearena på Bodensjøen, med spektakulære kulissar og lyssetting. I Luzern blir vi med på opningshelga, der Festivalorkesteret spelar med fiolinisten Isabelle Faust som solist. Luzern-festivalen er kjend for sitt høge kvalitetsnivå og den imponerande KKL-konserthallen, ein av verdas beste konsertsalar akustisk sett. Arkitektonisk er det knapt noko vakrare kulturhus i vår tid. Arild Erikstad, ein av Noregs mest erfarne formidlarar av klassisk musikk, vil vere vår guide gjennom denne storslåtte opplevinga. Med ei lang karriere i NRK som leiar av Hovedscenen, kommentator for Nyttårskonserten og portrettskapar av artistar som Lise Davidsen og Leif Ove Andsnes, har han ei unik evne til å formidle musikk. På veg mellom festivalane stoppar vi for lunsj i Liechtenstein – tre land på ein dag!
5 dager
39 900
1 reise 14 aug
Elvecruise på Donau med Linda Eide og Gunnstein Akselberg
16. - 21. august 2025. Passau - Melk - Dürnstein - Wien - Esztergom - Budapest. Vi er glade for å kunne invitere til eit heilt spesielt elvecruise på vakre Donau med tre språkkveldar med Linda Eide og Gunnstein Akselberg undervegs. I tillegg blir det kåseri om språk, historie og kultur frå Akselberg. Elvebåten tek oss med til seks byar og fire land – Tyskland, Austerrike, Slovakia og Ungarn. Cruiset startar i Passau i Tyskland og går så til Melk, Durnstein og Wien i Austerrike. Deretter seglar vi vidare til Esztergom og Budapest i Ungarn. På vegen får vi oppleve det storslegne Schönbrunn-palasset og den vakre Wachau-dalen som er på UNESCO si verdsarvsliste. I tillegg får vi sjå Dürnstein-slottet som ligg i området som mange reknar som det vakraste langs Donau med sine skogkledde åsar, frukthagar, småe landsbyar, vinmarker og kloster. Høgdepunkta blir likevel kanskje dei to gamle kulturbyane og hovudstadene, Wien og Budapest. Linda Eide er journalist og programskapar og har vunne mange prisar for arbeidet sitt, blant anna Gullruten to gonger. Frå 2017 til 2023 var ho programleiar for Eides Språksjov på NRK. Professor Gunnstein Akselberg har lenge interessert seg for Tyskland, Austerrike og dei sentraleuropeiske kulturbyane. Desse byane har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk, arkitektur og religion, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie. Vi har heile båten berre for Fotefar, og det blir heile 3 språkkveldar om bord, så dette blir ei unik oppleving for alle oss som saknar Linda Eide og Gunnstein Akselberg frå TV-skjermen. På elvecruiset vårt bur vi svært godt på MS France (4 stjerner), ein hyggeleg elvebåt med 78 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Alle måltida om bord med nydeleg mat og drikke er inkluderte.
6 dager
23 550
5 reiser neste tur 16 aug
Elvecruise på Donau med Terje Tvedt
19. - 24. august 2025. Passau - Melk - Dürnstein - Wien - Esztergom – Budapest. Donau er den store pulsåra i den sentraleuropeiske historia og kulturen heilt frå oldtida til i dag. På turen tek historikar Terje Tvedt oss med på ei reise i historia frå Romartida til det osmanske riket og fram til den industrielle revolusjonen då vassvegane vart så sentrale. Dette blir eit innhaldsrikt kultur- og historiecruise på vakre Donau, der Terje Tvedt held foredrag om Donau som akse i Sentral-Europas utvikling med verdshistoria som bakteppe. Tvedt er velkjend som forskar og formidlar, og bøkene hans om verdshistoria, vassvegane og Nilen har vorte bestseljarar i Norge og i utlandet, og er omsett til fleire titals språk! Han har også produsert og vore programleiar for fleire TV-dokumentarar om verdshistoria og vassvegane som er blitt viste over heile kloden. Cruiset tek oss med til seks byar og tre land – Tyskland, Austerrike og Ungarn. Vi startar i Passau i Tyskland og går så til Melk, Durnstein og Wien i Austerrike. Deretter seglar vi vidare til Esztergom og Budapest i Ungarn. På vegen får vi oppleve det storslegne Schönbrunn-palasset og den vakre Wachau-dalen som er på UNESCO si verdsarvsliste. I tillegg får vi sjå Dürnstein-slottet som ligg i området som mange reknar som det vakraste langs Donau med sine skogkledde åsar, frukthagar, småe landsbyar, vinmarker og kloster. Høgdepunkta blir likevel kanskje dei to gamle kulturbyane og hovudstadene, Wien og Budapest. På elvecruiset vårt bur vi svært godt på MS Mogigliani, ein hyggeleg elvebåt med 78 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Alle måltida om bord med nydeleg mat og drikke er inkluderte. Vi har heile båten berre for Fotefar, så dette blir ei unik oppleving med lærerike forelesingar frå ein av våre mest spennande historikarar. I 2023 kom boka hans Historiens hjul og vannets makt. Da England og Europa vant, og Kina og Asia tapte. Vi gler oss til å høyre meir om denne delen av historia på turen.
6 dager
20 770
7 reiser neste tur 19 aug
Idylliske Savalen med Gloppen Pensjonistlag
25.-28. august 2025. I år er det idylliske Savalen og Savalen Fjellhotell som er målet vårt for turen. Savalen ligg i Nord-Østerdalen, 740 moh. Seinsommar er ei fin tid i fjellet. På Savalen Fjellhotell har familien Hektoen i over 60 år utvikla Savalen Turisthytte til å bli eit moderne og attraktivt fjellhotell. Dei fokuserer på trivsel og velvære for gjestane sine. Med dette som ramme skal vi besøke nærområdet rundt hotellet. Vi planlegg både ein tur til Røros og eit besøk på Huset Aukrust (Aukrustsenteret), i tillegg skal vi sjølvsagt sette av tid til å kose oss på hotellet. Undervegs vil vi skal som vanleg oppleve all den vakre naturen vår medan vi køyrer gjennom vårt vakre norske landskap.
4 dager
9 450
1 reise 25 aug
Vandretur på Færøyane
27. august - 3. september 2025. Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Den storslegne naturen på øygruppa er ei av årsakene til at National Geographic har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet, med knapt 50 000 innbyggarar, har også meir enn særeigen natur å by på. Folket på Færøyane er opne og hyggelege, og øygruppa har ei spennande historie og eit rikt kulturliv. Vi skal vandre mellom høge fjell, langs innsjøar og i dalar med spesielt landskap. På turen får vi sjå ruinar av gamle busettingar, og vi kjem tett på naturen. Vandreturane går til Trælanípan, frå Bøur til Gásadalur, til kongsgården Kirkjubøur, på Nolsóy og til det høgste fjellet på Færøyane; Slættaratindur. Nivået på vandreturane er frå nokså lette til middels tunge. Store delar av stiane går på gras- og gardsvegar, medan nokre få strekningar inneheld litt brattare og meir ulendt terreng.
8 dager
24 950
1 reise 27 aug
Musikktur til Dublin med Bård Ose
27. - 31. august 2025. Velkommen med på ein tur full av musikk og musikkhistorie – frå irsk tradisjonsmusikk til rock og pop. Vi startar kvar dag med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om Thin Lizzy, Van Morrison, Rory Gallagher og U2 og andre irske musikarar. Bård har blant anna skrive bøker om Vinskvetten , The Beatles , The Rolling Stones og vore medforfattar av Norsk pop & rock leksikon. Han er ein av programleiarane for radioprogramma P.I.L.S og Radio Rock som går på NRK P1 , samt programleiar for Ren 60 og Gammelnorsk på NRK P1+. Vi besøkjer sjølvsagt det berømte området Temple Bar. Det blir pub til pub-runde med den beste irske tradisjonsmusikken og besøk på Irish Rock ‘N’ Roll Museum. Eit anna høgdepunkt er besøket på legendariske Windmill Lane Studios, der fleire store stjerner har spelt inn plater. Velkommen med på ein unik tur stappfull av store musikkopplevingar!
5 dager
20 950
5 reiser neste tur 27 aug
Georgia og Armenia med Erika Fatland
28. august – 8. september 2025 Bli med Fotefar til Kaukasus, eit av verdas mest fascinerande hjørne med storslått natur og dramatisk historie. Georgia og Armenia er land der vi finn spor etter store imperium, revolusjonar og krigar, men også gamle kulturar med sterke tradisjonar, gjestfridom og verdas eldste vinproduksjon. Med oss på turen har vi Erika Fatland, forfattar av kritikarroste bøker som Sovjetistan, Grensen og Høyt. Ho har reist i nokre av verdas mest utilgjengelege område og skildra livet i dei postsovjetiske statane med ei unik evne til å kombinere personlege opplevingar med historiske perspektiv. Gjennom seks foredrag vil Erika gi oss innsikt i historia til Georgia og Armenia, men også ei djupare forståing av Russland, dei tidlegare sovjetrepublikkane og Russlands naboland. Vi løfter blikket og lærer meir om korleis historia, stormaktspolitikken og arven frå Sovjetunionen framleis pregar denne regionen, og kva det betyr for verda i dag. Turen startar i Tbilisi, ein av dei mest særeigne hovudstadane i verda, før vi reiser vidare gjennom fjellandskap, til gamle kloster og historiske byar. Vi kryssar grensa til Armenia og opplever Jerevan, Sevansjøen og fjellområdet Dilijan før vi returnerer til Georgia. Undervegs får vi lære om kristninga av regionen, Silkevegen sin betydning, Sovjetunionens fall og dagens geopolitikk. Dette er ei unik reise der vi få ei betre forståing av verda gjennom historie, politikk og kultur. Velkommen med på ei svært innhaldsrik reiseoppleving!
12 dager
49 950
2 reiser neste tur 28 aug
Elvecruise på Seinen med Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde
29. august - 4. september 2025. Honfleur - Rouen - Giverny - Fontainebleau - Melun - Paris. Vi er svært glade for å kunne tilby eit eksepsjonelt båtcruise på Seinen med ein eigen elvebåt berre for Fotefar temareiser. Cruiset startar ved Seinens utløp i Honfleur ved Côte Fleurie og går sørøstover til byen Melun, før vi snur nordover mot Paris. Vi opplever idylliske Honfleur, historiske Rouen, pittoreske Giverny med hagen til målaren Monet, og det flotte Fontainebleau-slottet. I tillegg får vi med oss nokre av dei viktigaste attraksjonane i Paris. Professor Sylfest Lomheim og historikar Rasmus Sunde er med på heile turen og auser av sine store kunnskapar om fransk kultur, språk, politikk og historie med særleg fokus på Normandie. Sidan vi går i land kvar dag, vert det gode høve til å komme tett på byliv, landskap og attraksjonar. Sylfest kjenner landsdelen frå innsida, både frå yrkesliv og gjennom si familie-tilknyting. På elvecruiset vårt bur vi svært godt på Botticelli, eit hyggeleg cruiseskip med 75 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Det er “All inclusive” om bord med nydeleg mat og drikke inkludert. Vi har heile båten for oss sjølve, så dette blir ei unik oppleving med foredrag av Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde. Dei to vil også guide i Honfleur, Rouen og Paris. Om kveldane legg vi opp til underhaldning etter middag, der Sylfest blant anna tek fram gitaren og spelar og syng.
7 dager
22 740
6 reiser neste tur 29 aug
Vandretur i Wales
1. - 6. september 2025. Bli med på eit eventyr i naturskjønne Nord-Wales! Opplev det beste av Wales på denne unike turen som kombinerer vandring, historie og fantastisk natur. Vi bur på eit flott hotell i den idylliske byen Llandudno, kjend for sin viktorianske sjarm, vakre promenade og nærleik til nokre av dei mest spektakulære områda i Wales. Kvar dag byr på varierte opplevingar – frå turar i det UNESCO-lista landskapet rundt Conwy og majestetiske Snowdonia nasjonalpark til historiske slott og den ikoniske Pontcysyllte-akvedukten. Wales er eit land der historie og natur går hand i hand. På turen får vi oppleve både legendariske stader som Beddgelert og det imponerande Caernarfon Castle, og det ville, vakre terrenget i Cwm Idwal og Clwydian Range. Med panoramautsikt, historiske fotefar og sjarmerande landsbyar, er kvar vandretur eit nytt kapittel i eventyret. Når vi ikkje er ute på organiserte vandringar, kan vi nyte rolege stunder i Llandudno – med sine grøne parkar, spanande butikkar og den flotte strandpromenaden. Denne turen gir deg den perfekte balansen mellom aktiv utforsking og avslappande fritid. Pakk turskoa og bli med på ein ugløymeleg tur!
6 dager
19 950
2 reiser neste tur 1 sep
Den store musikkturen Nashville, Memphis & New Orleans med Olav Stedje
2. - 11. september 2025. Dette er ein tur vi i Fotefar temareiser alltid gler oss veldig til. Vi får oppleve tre fantastiske musikkbyar, Nashville med country, Memphis med blues og New Orleans med jazz. I Nashville får vi med oss Grand Ole Opry og countrymusikk på barar på Broadway Street. I Memphis besøkjer vi Elvis sin heim, Graceland og bluesklubbane på Beale Street. I New Orleans opplever vi jazzen på Bourbon Street og nyt folkelivet i Louis Armstrong sin fødeby. Dette er byar der musikken aldri sluttar å spele! Artisten Olav Stedje er med på heile turen og held minikonsertar.
9 dager
31 950
3 reiser neste tur 2 sep
Cruise til Orknøyane, Shetland, Færøyane og Hebridane
med Gunnstein Akselberg og Tore Skeie. 6. - 15. september 2025. Velkommen med på ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. For mange har det vore ein draum å besøke dette området, og det er difor ein av våre mest populære turar. Årets reiserute er heilt spesiell, då vi får besøke både Orknøyane, Shetland, Færøyane, Hebridane og Nord-Irland på ein og same tur! Vi startar med fly til Newcastle, der vi overnattar. Morgonen etter mønstrar vi på skipet og set kursen mot Dundee i Skottland. Derifrå går ferda til Kirkwall på Orknøyane, Lerwick på Shetland, vidare til Runavik på Færøyane og til Scrabster på det skotske høglandet. Skipet seglar så mot Isle of Skye på Hebridane og til slutt vestover til Belfast i Nord-Irland. Undervegs blir det kåseri av Gunnstein Akselberg om dei språklege fellestrekka vi har med vesterhavsøyane og Tore Skeie om den norrøne historia til øyane. Gunnstein Akselberg er lingvist og professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Akselberg har vore redaktør for tidsskrifta Namn og Nemne og Nordica Bergensia, og har i mange år hatt språkspalta «Snakk med oss» i NRK Hordaland. Han er også med i programmet «Eides språksjov» på NRK. Tore Skeie har skrive fleire sakprosabøker om mellomalder og vikingtid, og han er kanskje mest kjend for boka Hvitekrist, som handlar om Olav Haraldsson og hans tid. For denne boka fekk han I 2019 Sverre Steen-prisen frå Den norske historiske foreining for framifrå formidling av historie på høgt fagleg nivå.
10 dager
33 950
2 reiser neste tur 6 sep
Den store reisa til Portugal med Erika Fatland
Lisboa – Coimbra – Porto 9. - 15. september 2025. Velkommen med på ei fantastisk spennande reise gjennom Portugals rike historie saman med forfattar Erika Fatland! På turen vil ho gi oss djupare innsikt i korleis Portugal bygde opp det store imperiet sitt. Med Erika si nye bok Sjøfareren som utgangspunkt, får vi høyre om dei portugisiske sjøfararane, som Henrik Sjøfararen og Vasco da Gama, som endra verdshistoria, og kva spor desse ekspedisjonane har etterlate seg. Turen startar i Lisboa, der vi skal utforske Belém. Dette er ein bydel rik på minnesmerke frå Portugals gullalder som sjøfartsnasjon. Frå Lisboa reiser vi nordover. Undervegs får vi og høve til å besøke den tradisjonsrike vingarden Sanguinhal Estate, der vi blir kjende med portugisisk vinproduksjon i vakre omgjevnader. Vidare går turen nordover til Coimbra, kjend for sitt gamle universitet og sin rike kulturarv, før vi endar i Porto, der den verdskjende portvinen har sitt opphav. Her skal vi vandre gjennom den vakre gamlebyen, som har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1996. Desse stadene byr på ein fascinerande kombinasjon av mellomalderarkitektur og levande tradisjonar med lang historie, som vil gi oss eit unikt innblikk i den portugisiske nasjonen sine røter. Dette er ei svært innhaldsrik reise gjennom kultur, historie og landskap, som blir toppa med spennande foredrag av Erika Fatland i møte med lokal kultur, arkitektur, lokal mat og menneske. Erika si nye bok, Sjøfareren , som kom ut no i haust, tek for seg den rike historia til det portugisiske imperiet. Boka har fått veldig god omtale! Vi bur på 4-stjerners hotell og reiser komfortabelt med buss mellom byane.
7 dager
24 950
3 reiser neste tur 9 sep
Irland og Nord-Irland med Kirsti MacDonald Jareg
22. - 28. september 2025. Velkomen med på ein spennande rundtur på den grøne øya i vest. Vi er så heldige å ha med den norsk-skotske forfattaren Kirsti MacDonald Jareg som fagguide. Ho er kjend for fleire reiseskildringar om dei nordatlantiske øyane og har blant skrive boka Irland – ei keltisk reise. I tillegg til å vere forfattar, er ho utdanna psykolog og sosialantropolog. På turen til Irland blir vi møtt av frodige dalar, stille innsjøar, vakker kyst, pittoreske landsbyar og arkeologiske funn. Vi skal besøke Belfast, hovudstaden i Nord-Irland, ein by med ei rik historie som går heilt tilbake til vikingtida. Belfast er også sterkt prega av konflikten her heilt frå 1960-talet og fram til seint på 90-talet. Dette var ei striden mellom katolikkane og protestane, som vi kjenner som "The Troubles". I tillegg skal vi til den vakre byen Derry, som ofte blir kalla for Londonderry. Byen ligg ved elva Fole og er kjend for dei flotte bymurane og for det livlege kulturlivet. Vi skal sjølvsagt også besøke den Irske hovudstaden Dublin, som har alt ein turist ønsker seg i ein storby. På denne turen får vi oppleve attraksjonar som Book of Kells, Old Bushmills Distillery og Titanic-museet. I tillegg besøker vi to av tre UNESCO verdsarvstader i Irland og Nord-Irland, nemleg Newgrange og Giants Causeway. Musikken har ein sterk plass i den irske folkesjela. På turen får vi oppleve både folke- og tradisjonsmusikk på pubar og under middagar.
7 dager
20 990
3 reiser neste tur 22 sep
Ei reise med flott natur og fagre fjell til Gålå med Pensjonistforbundet Førde
22.-24. september 2025. Bli med på ein uforgløymeleg tur gjennom flott natur over fagre fjell! Vi startar i Førde på morgonen, og legg ut på ei reise som tek oss over Strynefjellet, nedover Gudbrandsdalen før vi kjem til fjellbygda Gålå. Her skal vi ta inn på Gålå Høgfjellshotell som ligg vakkert til på om lag 900 meter over havet. Frå hotellet har vi panoramautsyn mot Gålåvatnet, og området er ideelt for fine rusleturar. Gålå er kjend for den årlege Peer Gynt-festivalen, der Henrik Ibsens klassiske drama vert framført i eit utandørs amfiteater ved Gålåvatnet. I tillegg til Per Gynt er også forfattaren Lars Mytting frå området her. Med bøker som Søsterklokkene og Svøm med dem som drukner har han sett Gudbrandsdalen og gamle bygdesoger på kartet for tusenvis av lesarar. Vi skal bli litt betre kjende med både forfattarskapen og landskapet som har inspirert han. På heimvegen køyrer vi Sognefjellet, Nord-Europas høgaste fjellovergang med eit toppunkt på 1434 meter over havet. Vegen er ein del av dei nasjonale turistvegane og byr på spektakulær utsyn over fjella i Jotunheimen.
3 dager
8 987
1 reise 22 sep
I fotefara til bluesmusikken med JT Lauritsen
3. - 12. oktober 2025 Bli med på ei ugløymande reise i bluesmusikken sine fotefar! Vi dreg til New Orleans der jazzen lever i beste velgåande før i tek turen til Baton Rouge og oppover Mississippi-deltaet. Der er vi innom både Jackson og Clarksdale før reisa vår endar i Memphis. Det blir mange kveldar på både juke joints og bluesbarar. Vi besøker fleire stader som utnemner seg som Bluesens fødestad, bland anna Docery Farms. Vi får ein heil dag med blues på musikkfestival i Helena, besøk på Sun Studios og høve til å besøke legendariske Graceland. På turen har vi med oss musikar og blues-entusiast Jan Tore Lauritsen. Bandet hans, Buckshot Hunters, er eitt av landets mest renommerte bluesband. Dei har turnert i Europa, USA og Australia. I 2014 fekk Jan Tore den prestisjetunge bluesprisen på Notodden Bluesfestival, og året etter representerte han Norge i European Blues Challenge i Brussel, der dei oppnådde ein tredjeplass. Bandet har også vore semifinalistar under International Blues Challenge i Memphis, USA, der dei konkurrerte med over 260 band frå heile verda. I 2018 var Jan Tore for første gong nominert til Spellemannsprisen i kategorien blues. Han har reist mykje i Mississippi og Louisiana og har ei brei kontaktflate der. Jan Tore trakterer både trekkspel og Hammond B3-orgel i tillegg til munnspel, som fleire kallar for blues harp, medan han sjølv nyttar omgrepet Mississippi Saxophone. No i 2025 feirer Jan Tore og bandet 30-årsjubileum med album nummer 10 sidan 1995. Vi gler oss stort til å ha med JT Lauritsen som musikalsk reiseleiar på denne turen!
10 dager
28 950
3 reiser neste tur 3 okt
Elvecruise på Donau med Linda Eide og Gunnstein Akselberg
6. - 11. oktober 2025. Passau - Melk - Dürnstein - Wien - Esztergom - Budapest. Vi er glade for å kunne invitere til eit heilt spesielt elvecruise på vakre Donau med tre språkkveldar med Linda Eide og Gunnstein Akselberg undervegs. I tillegg blir det kåseri om språk, historie og kultur frå Akselberg. Elvebåten tek oss med til seks byar og fire land – Tyskland, Austerrike, Slovakia og Ungarn. Cruiset startar i Passau i Tyskland og går så til Melk, Durnstein og Wien i Austerrike. Deretter seglar vi vidare til Esztergom og Budapest i Ungarn. På vegen får vi oppleve det storslegne Schönbrunn-palasset og den vakre Wachau-dalen som er på UNESCO si verdsarvsliste. I tillegg får vi sjå Dürnstein-slottet som ligg i området som mange reknar som det vakraste langs Donau med sine skogkledde åsar, frukthagar, småe landsbyar, vinmarker og kloster. Høgdepunkta blir likevel kanskje dei to gamle kulturbyane og hovudstadene, Wien og Budapest. Linda Eide er journalist og programskapar og har vunne mange prisar for arbeidet sitt, blant anna Gullruten to gonger. Frå 2017 til 2023 var ho programleiar for Eides Språksjov på NRK. Professor Gunnstein Akselberg har lenge interessert seg for Tyskland, Austerrike og dei sentraleuropeiske kulturbyane. Desse byane har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk, arkitektur og religion, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie. Vi har heile båten berre for Fotefar, og det blir heile 3 språkkveldar om bord, så dette blir ei unik oppleving for alle oss som saknar Linda Eide og Gunnstein Akselberg frå TV-skjermen. På elvecruiset vårt bur vi svært godt på MS Modigliani, ein hyggeleg elvebåt med 78 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Alle måltida om bord med nydeleg mat og drikke er inkluderte.
6 dager
23 550
6 reiser neste tur 6 okt
Vandretur på Kreta
16. - 23. oktober 2025. Er du glad i vandring og aktiv ferie? Ta ein pause frå den norske hausten og bli med Fotefar til Kreta på vandretur! Her får du i tillegg til sol og varme oppleve det autentiske Kreta med vakker natur, nydeleg mat og landsbyar med historisk sus. Det blir spennande fotturar med vår dugande lokalguide og reiseleiar frå Fotefar. Vandreturane varierer mellom 5 til 7 kilometer og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og frodig landskap. Gode sko med solide solar er nødvendig, og stavar kan vere ei god støtte. Elles blir det tid til å oppleve øya i sitt eige tempo, senke skuldrane og kose seg under den greske sola. Vi bur i Agia Marina, like i utkanten av den tradisjonsrike byen Chania, som mange meiner er den vakraste på Kreta. Byen har ei spennande historie, ein rik kulturarv og ein pittoresk atmosfære som har tiltrekt reisande i lange tider. Vi bur godt på Thalassa Beach Resort, eit svært populært 4-stjerners hotell berre for vaksne. Hotellet ligg like ved stranda og har fleire fasilitetar som spa-avdeling med ulike behandlingar, innandørs og utandørs symjebasseng, gym, bar og restaurant.
8 dager
19 950
2 reiser neste tur 16 okt
Musikkens Wien Ei eksklusiv kulturreise med Arild Erikstad
16. – 19. oktober 2025 Bli med på feiringa av 200-årsjubileet til Johann Strauss i heimbyen hans, Wien. Ei uforgløymeleg reise til Wien, byen der Mozart, Beethoven og Strauss levde og skapte musikkhistoria. Gjennom fire innhaldsrike dagar får vi oppleve nokre av dei mest ikoniske musikalske arenaene i byen, guida av ingen ringare enn Arild Erikstad, kjend frå NRK og ein av Noregs fremste formidlarar av klassisk musikk. I 2025 feirar Wien 200-årsjubileum for Johann Strauss jr., og eit av høgdepunkta under denne feiringa er nyoppsetjinga av den mest kjende operetten hans, Flaggermusen. Dette skjer på Theater an der Wien, operahuset der operetten blei framført første gong i 1874. Regien står husets operasjef, den norske Stefan Herheim, for. Herheim blir i dag rekna som ein av verdas fremste operaregisørar, kjend for originale, kreative og til tider provoserande oppsetjingar. Når Herheim set opp Flaggermusen , kan vi vente oss ei oppleving full av humor, overraskingar og ikkje minst ein underhaldande framsyning spekka med kjende melodiar og ariar. Fagleg guide på denne turen er Arild Erikstad. Han har gjennom mange år kommentert både Nyttårskonserten frå Wien og Sommarkonserten frå Schönbrunn for NRK, og kjenner musikklivet i Wien betre enn dei fleste. Wien er utan tvil hans favorittby, og i tillegg til foredrag om byens rike musikkliv og ein introduksjon til Flaggermusen , vil han guide oss gjennom den utruleg vakre indre kjernen av byen. Wien er òg kjend for sine trivelege restaurantar, eit mangfald av tradisjonelle matrettar og ikkje minst dei legendariske kafeane, som Café Central og Café Landtmann – møtestader for kunstnarar, forfattarar og musikarar gjennom fleire hundreår.
4 dager
15 990
3 reiser neste tur 16 okt
Vandretur på paradisøya Madeira
28. oktober - 4. november 2025. Paradisøya Madeira, perla i Atlanterhavet, kan samanliknast med ein flytande hage. Vulkansk oske og lava har gitt øya eit svært næringsrikt jordsmonn. Same kva årstid vi vel å besøkje øya, så kan vi nyte ein enorm blomsterprakt. Denne fruktbare øya er eit botanisk paradis, og blomstrar som begonia, julestjerne og oleander veks her vilt som store busker og tre. Madeira er ei ”dramatisk” øy, eksotisk grøn med lys som gir landskapet eit spesielt skimmer. Vi skal bu like utafor sentrum av hovudstaden på Madeira, Funchal. Byen står i dag fram som svært moderne og spennande, medan jordbruket for ein god del framleis blir dyrka etter tradisjonelle metodar. Hakke og ljå er vanlege reiskapar, og generasjonar har dyrka vin og bananar på dei karakteristiske terrasse-åkrane opp etter fjellsidene. Vandreturane langs vatningskanalane levadaane, som knyter saman heile Madeira i eit gigantisk nettverk, må berre opplevast. Vandreturane varierer mellom 6 til 11 km, og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og fantastisk landskap. Alle dagsturane er relativt lette og går på nokså flate stiar. Elles skal vi kose oss med nydeleg mat og god vin, og hotellet vårt med fire stjerner har mange flotte fasilitetar.
8 dager
19 950
1 reise 28 okt
Vandretur på makelause Azorane
2. - 8. november 2025. Bli med oss på vandretur på Azorane, og opplev det særeigne landskapet med dramatiske vulkanformasjonar, frodige dalar og imponerande utsiktspunkt. Øygruppa ligg ute i Atlanterhavet og byr på opplevingar utanom det vanlege. Gjennom historia har Azorane vore eit viktig knutepunkt for skipsfarten mellom Europa og Amerika, og mange norske sjøfolk har besøkt øyane for å skaffe forsyningar og reparere båtane. Under andre verdskrig spelte Azorane ei særs viktig rolle som strategisk base for dei allierte styrkane. Mange nordmenn var ein del av dei allierte konvoiane som kryssa Atlanterhavet og nytta øya som ein trygg tilfluktsstad. Azorane har mykje å by på når det gjeld historie, natur og kultur. Øygruppa er kjend for sitt vulkansk opphav, og under vandringane våre vil vi oppleve imponerande formasjonar som Caldeira Velha og Sete Cidades - to massive krater fylte med krystallklare innsjøar. Desse dannar ei spektakulær scene for dei daglege utfluktene våre. Vi flyr til São Miguel, den største av øyane på Azorane, og skal bu på eit flott hotell i hovudstaden Ponta Delgada.
7 dager
22 950
1 reise 2 nov
Vandretur på paradisøya Madeira
4. - 11. november 2025. Paradisøya Madeira, perla i Atlanterhavet, kan samanliknast med ein flytande hage. Vulkansk oske og lava har gitt øya eit svært næringsrikt jordsmonn. Same kva årstid vi vel å besøkje øya, så kan vi nyte ein enorm blomsterprakt. Denne fruktbare øya er eit botanisk paradis, og blomstrar som begonia, julestjerne og oleander veks her vilt som store busker og tre. Madeira er ei ”dramatisk” øy, eksotisk grøn med lys som gir landskapet eit spesielt skimmer. Vi skal bu like utafor sentrum av hovudstaden på Madeira, Funchal. Byen står i dag fram som svært moderne og spennande, medan jordbruket for ein god del framleis blir dyrka etter tradisjonelle metodar. Hakke og ljå er vanlege reiskapar, og generasjonar har dyrka vin og bananar på dei karakteristiske terrasse-åkrane opp etter fjellsidene. Vandreturane langs vatningskanalane levadaane, som knyter saman heile Madeira i eit gigantisk nettverk, må berre opplevast. Vandreturane varierer mellom 6 til 11 km, og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og fantastisk landskap. Alle dagsturane er relativt lette og går på nokså flate stiar. Elles skal vi kose oss med nydeleg mat og god vin, og hotellet vårt med fire stjerner har mange flotte fasilitetar.
8 dager
19 950
1 reise 4 nov
Kunstreise til Roma med Paola Burigana Graff
6. - 10. november 2025. Det er det store jubileumsåret for Roma, og Fotefar har på nytt gleda av å invitere til spennande dagar i vakre Roma, byen som vert kalla «Den evige stad». Det blir forelesingar med den dugande italienske kunsthistorikaren Paola Burigana Graff som har mastergrad i kunsthistorie og i museumsstudiar, i tillegg til brei erfaring i kunstformidling. Mange kjenner ho både frå Universitetet i Oslo, Det italienske kulturinstituttet eller frå Nationalmuseet. Vi får også med oss ein lokal skandinavisktalande guide på sentrale attraksjonar som Vatikanet og Peterskyrkja, i tillegg vil du få høve til å vitje byen Tivoli med Hadrians Villa og Villa d’Este. Roma er som eit 2800 år gammalt museum, og dette er byens unike sjarm. Byen har sida 1600-talet vore ein obligatorisk stoppestad i danningsreisa «Grand Tour». Både innan- og utandørs finn vi oldtidsmonument, kunstskattar og tidlaus arkitektur. Med religiøst hjarte og historisk sjel, forfører og inspirerer byen stadig folk på besøk. Michelangelo, Rafael, Caravaggio, Bernini og mange andre kunstnarar frå ulike delar av Italia og Europa har blomstra i Roma. Dei har dekorert byen med meisterverk i målarkunst, skulptur og arkitektur. Bli med oss på innhaldsrike dagar i Roma, der det også vil bli tid til å senke tempoet, vandre i gatene, ta ein espresso, ein gelato eller eit glas vin og berre sjå på folkelivet og nyte atmosfæren i denne vakre byen.
5 dager
20 655
2 reiser neste tur 6 nov
Toscana med Merete Bø
13. - 16. November 2025. Vi held fram med dei opplevingsrike turane saman med vinjournalist og sommelier Merete Bø, og denne gongen til ein stad vi veit mange har ønskt seg, nemleg Toscana. Merete er ein av Norges fremste vinjournalistar, og er ein av to programleiarar i podkasten «Jeg kan ingenting om vin». Merete har også gitt ut ei rekkje bøker om vin, anna drikke og mat. På denne turen skal vi smake oss gjennom vinane til nokre av Merete Bø sine utvalde produsentar, både store, kjende namn og meir ukjende. Undervegs får vi lære om smaking, jordsmonn og produksjon, alt dette under god rettleiing av Merete. Vi skal møte menneska bak vinane, skal ut på vinmarkene og inn i vinkjellarane, og vi får smake mat som passar godt til det vi drikk. Vindistriktet Toscana er eitt av dei mest prestisjefylte vinområda i verda, og ligg i det sentrale Italia. Regionen er kjend for sitt bølgjande landskap, sypresser, gamle steinbyar og ikkje minst – vinen. Klimaet er varmt og solrikt med kjølande vindar frå åsane og kysten, noko som gjev gode forhold for druedyrking. Den mest brukte drua frå området er Sangiovese, og av denne vert det laga kjende vinar som Chianti, Brunello og Vino Nobile. I Toscana møtest det gamle og det nye: tradisjonelle familiegardar og moderne vinprodusentar skapar vinar med karakter og eleganse – og mange av dei kan lagrast lenge.
4 dager
25 450
2 reiser neste tur 13 nov
Elvecruise på Nilen med Terje Tvedt
10.-18. Februar 2026. Bli med på tur til Egypt og båtreise på Nilen saman med ein av verdas fremste ekspertar på elvas historie, Terje Tvedt. Den siste boka hans, Nilen – historiens elv, fekk strålande kritikkar. Ho vart ein bestseljar og er omsett til mange språk, blant anna til arabisk. Mange har sikkert sett dokumentarfilmen hans på NRK, Kampen om Nilen. Han vil halde ei foredragsrekke om ei fascinerande reise i fortid og notid om den mest sagnomsuste av alle store sivilisasjonsskapande elvar. Vi både startar og avsluttar denne eventyrlege reisa vår i Kairo, der vi får oppleve fleire av Egypt sine kulturskattar. Her skal vi besøke det nyopna Grand Egyptian Museum, der dei presenterer ei stor samling av gjenstandar og forteljingar frå oldtida. Vi skal også besøke dei imponerande pyramidane i Giza. I tillegg kan dei som ønsker det, få høve til å bli med på ei spanande dagsutflukt til Alexandria, hamnebyen ved Middelhavet. Dette er ein by i utvikling, og ein vil oppleve ei blanding av gammalt og nytt. Frå Kairo tek vi flyet sørover til Luxor og går om bord i elvebåten vår, MS Jaz Jubilee. På denne delen av turen ventar fleire storslegne tempel, vi skal besøke dei imponerande gravene i Konganes dal og beundre dei majestetiske Memnonstatuane. På reisa vidare oppover Nilen har vi heile skipet for oss sjølve, og undervegs får vi gleda av å lytte til lærerike og engasjerande forelesingar frå Terje Tvedt om Nilen si historie og kulturelle betydning.
9 dager
49 950
1 reise 10 feb 2026
Normandie med Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde
18. - 25. mars 2026. Er du interessert i å oppleve historie, mat og kultur saman med eit triveleg reisefølge? Då kan ei temareise til frodige og vakre Normandie vere midt i blinken for deg. For oss nordmenn er det verdt å merke seg at namnet Normandie tyder «mennene frå nord». Saman med vikingar grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Denne historia og Den andre verdskrig med D-dagen vil du høyre mykje om. På turen besøker vi blant anna den eventyrlege klosterøya Mont St. Michel, den vakre hagen til målaren Claude Monet, det berømte Bayeux-teppet og dei mange minnesmerka frå Den andre verdskrig. Vi er så heldige å ha med oss den kjende språkmannen, professor Sylfest Lomheim, som den eine reiseleiaren og guiden. Han kjenner Normandie godt sidan han underviste på universitetet i Caen i tre år. Den andre reiseleiaren er Rasmus Sunde, som har doktorgrad i historie.
8 dager
25 950
2 reiser neste tur 18 mar 2026
Blomstercruise med Tommy Tønsberg
11. - 15. april 2026. Antwerpen - Rotterdam - Keukenhof - Amsterdam. Velkommen med på elvecruise langs idylliske kanalar forbi koselege landsbyar og til vakre byar! På dette elvecruiset opplever vi Nederland og Belgia når våren er i anmarsj. Cruiset startar i flotte Antwerpen og seglar først via kanalar og innsjøar til Rotterdam, før vi avsluttar i Amsterdam midt i tulipanblomstringa. Vi gjentek suksessen frå 2025, og har med oss hageentusiast og hagebokforfattar Tommy Tønsberg på turen. Han skildrar seg sjølv som plantesamlar og evig planteformerar, og har gjennom hagekarrieren sin skrive over 15 hagebøker. Tommy har arbeidd om lag tretten år i Det norske hageselskap, og av dei, nesten sju år som redaktør for Norsk Hagetidend. Han har dyrka plantar og vekstar heilt sidan han var heilt ung. I dag har han sin eigen hage på Holter i Nannestad, der han også driv ein liten staudeplanteskule. Sidan 2017 har Tommy også vore ein av to drivarar av nettbutikken Garden Living, og han elskar å fotografere plantar. På turen vil Tommy Tønsberg halde foredrag for oss om bord på båten. I tillegg vil det bli utflukt til den praktfulle blomsterparken Keukenhof. Den store tulipanfestivalen går føre seg her i heile april, så her er det mykje å få med seg. Vi bur godt på elvebåten, MS Lafayette, med mat og drikke inkludert på heile seglinga.
1 dag
19 950
5 reiser neste tur 11 apr 2026
Kulturreise til vakre tyske byar med Gunnstein Akselberg
14. - 20. april 2026. Professor Gunnstein Akselberg, best kjend frå Eides språksjov, har lenge interessert seg for fleire av dei vakre, tyske kulturbyane. Dei har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk, arkitektur og religion, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie. Under denne flotte turen bur vi godt og sentralt i musikkbyen Leipzig, der det er relativt korte avstandar med buss til besøk i dei spennande byane Weimar, Dresden, Halle, Eisenach, Torgau og Wittenberg. Under bussturane og på dei aktuelle attraksjonane vil Gunnstein guide og fortelje. I tillegg vil han halde kåseri på hotellet. På reisa opplever vi viktige stader i Martin Luthers aktive reformasjonsliv. Vi får høyre om korleis arven etter Luther har påverka Europa kulturelt og politisk fram til i dag. Johan Sebastian Bach var fødd og oppheldt seg det meste av livet sitt i området vårt. I Leipzig, Eisenach og Weimar besøker vi viktige stader knytte til Bachs liv og verksemd. Georg Friedrich Händel trødde barne- og ungdomsskoa sine i Halle, der han var fødd og der han fekk musikalske impulsar som prega han resten av livet. Johann Wolfgang von Goethe og Friedrich Schiller, to av dei store kanonane i europeisk litteratur, hadde begge lengre opphald i Weimar der dei spela ei viktig rolle i byens kulturliv. Historikaren Rasmus Sunde er reiseleiar på turen, og på bussturane vil han snakke litt om tysk historie. Vi satsar elles på å få med oss minst ein klassisk konsertar av høg kvalitet.
7 dager
20 950
3 reiser neste tur 14 apr 2026
Musikk-cruise til England, Irland og Nord-Irland med Bård Ose og Finn Tokvam
21. - 26./27. april 2026. Birmingham - Dublin - Belfast - Liverpool. Velkommen med på eit eineståande musikk-cruise til dei britiske øyane. I vår gjekk radioprogrammet Populærmusikk ispedd litt sladder for siste gong på NRK P1. Det populære laurdagsprogrammet med Bård Ose og Finn Tokvam er over etter 22 år, men no kan du oppleve dei live på ei fantastisk reise til England, Irland og Nord-Irland, der vi besøker fire av dei mest ikoniske musikkbyane i Storbritannia. Vi startar med fly til London og buss til Birmingham der det blir guida musikkvandring før vi går om bord i cruiseskipet Ambition dagen etter. Derifrå går ferda til Dublin i Irland, vidare nordover til Belfast i Nord-Irland, og så austover til Liverpool, der vi går i Beatles sine fotefar. Det blir spennande musikkbyar, morosame musikalske anekdotar (ispedd litt sladder) frå Bård og Finn, livemusikk, guida turar og mykje anna å oppleve. Det er berre å glede seg!
6 dager
21 950
6 reiser neste tur 21 apr 2026
Den store England-turen med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen
22.-30. april 2026. Winchester – Reading – Bath – Stonehenge – Oxford – Windsor – Stratford-upon-Avon – York – Whitby og Cambridge Velkomen med på ei reise som tek oss med til mange av byane og områda i England som har forma engelsk historie og kultur! Vi får med oss svært mykje på desse ni dagane – både storslegne slott og katedralar, tradisjonsrike universitetsbyar og pittoreske landskap som gjennom hundreåra har sett sitt preg på både engelsk identitet og europeisk historie. Vi vitjar mellom anna Oxford og Cambridge, to av verdas mest kjende universitetsbyar, og får oppleve dei unike miljøa som har fostra store tenkjarar, forfattarar og statsleiarar. Vi reiser gjennom Cotswolds, eit av dei vakraste landskapsområda i England, med sine bølgjande åsar og sjarmerande landsbyar. På ferda vår får vi oppleve verdskjende stader som Stonehenge og Blenheim Palace, vandre i fotspora til Shakespeare i Stratford-upon-Avon, og lære meir om vikingar og kongar i historiske York. Vi vitjar også Windsor Castle, ein av dei offisielle residensane til den britiske monarken, og vi ser minnesmerket over Magna Carta i Runnymede, ei påminning om røtene til demokratiet vi kjenner i dag. I tillegg får vi med oss kulissane til tv-seriar som Med hjarte på rette staden og Sjukehuset i Aidensfield. Med på reisa har vi det kjende journalistekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen, som losar oss gjennom dagane med spennande foredrag og innsiktsfulle refleksjonar om historia, politikken og samfunnet i dei områda vi vitjar.
9 dager
28 550
3 reiser neste tur 22 apr 2026
Elvecruise på fire elvar Rhinen, Mosel, Saar og Neckar med Gunnstein Akselberg
1. - 7. mai 2026 Velkommen med på eit innhaldsrikt elvecruise på fire elvar – Rhinen, Mosel, Saar og Neckar og til tre land – Frankrike, Tyskland og Luxemburg. Cruiset startar i vakre, historiske Strasbourg i Frankrike og går så til Mannheim, der ein kan vere med på utflukt til romantiske Heidelberg. Deretter stoppar vi i Rüdesheim am Rhein og Cochem i Mosel-dalen, før vi seglar vidare til Trier, som truleg er Tysklands eldste by. Båten tek oss så til Remich, der vi ligg i to netter, så det blir god tid til å utforske Luxembourg by. Professor Gunnstein Akselberg, best kjend frå Eides språksjov, har lenge interessert seg for dei vakre, tyske kulturbyane. Dei har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk og arkitektur, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie. Vi har heile båten berre for Fotefar, så dette blir ei unik oppleving med daglege kåseri av Gunnstein Akselberg om bord. På elvecruiset vårt bur vi svært godt på Leonardo Da Vinci (4 stjerner), ein hyggeleg elvebåt med 70 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Måltid og drikke om bord er inkludert.
7 dager
29 450
5 reiser neste tur 1 mai 2026
Vandretur på Shetland
23. - 30. mai 2026. Velkommen med på vandreturar i vikingane sine fotefar til Shetland. Vi startar med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi bur fint til i den vesle bygda Brae. Derifrå skal vi utforske det grøne, gjestfrie landskapet i dette øysamfunnet som har så mange spor etter vikingane. Vi besøker dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og stader som er sentrale i sagalitteraturen. I tillegg får vi med oss dei viktigaste minnesmerka knytte til Shetlandsgjengen under krigen. Vi legg opp til vandreturar på om lag 2-4 timar i relativt lett terreng dei fleste dagane. Ein dag med lengre vandretur. Dei kan klassifiserast som relativt lette, medan nokre av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng.
8 dager
25 950
1 reise 23 mai 2026
Vandretur på Shetland
6. – 13. juni 2026. Velkommen med på vandreturar i vikingane sine fotefar til Shetland. Vi startar med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi bur fint til i den vesle bygda Brae. Derifrå skal vi utforske det grøne, gjestfrie landskapet i dette øysamfunnet som har så mange spor etter vikingane. Vi besøker dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og stader som er sentrale i sagalitteraturen. I tillegg får vi med oss dei viktigaste minnesmerka knytte til Shetlandsgjengen under krigen. Vi legg opp til vandreturar på om lag 2-4 timar i relativt lett terreng dei fleste dagane. Ein dag med lengre vandretur. Dei kan klassifiserast som relativt lette, medan nokre av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng.
8 dager
25 950
1 reise 6 jun 2026
Strikketur til Shetland
13. - 17. juni 2026. Velkomen til ein spennande og innhaldsrik tur til Shetland saman med strikkeentusiast Magni Flyum. Mange kjenner henne som MagFly i sosiale media. Ho har omsett fleire strikkebøker, bygd opp strikkefestival og designa mange strikkeplagg. No har du sjansen til å bli med henne på ei reise til denne vakre øygruppa vest i havet. Særskilt for reisegruppa har Magi designa eit eige mønster på fingervottar, og i tillegg får vi besøke garnprodusenten Jamieson & Smith for å plukke oss ut eigne fargar til garnpakke. Shetland består av 100 øyar og har lange tradisjonar for sauedrift og ull. Øyane har derfor ei rik historie med strikking, som har vore ein sentral del av kulturen deira i fleire hundre år. Strikkinga på Shetland starta som heimeindustri, der familiane laga klede til eige bruk og til handel. Shetlandsull er særleg kjend for å vere mjuk og gje tynt garn og er perfekt for alt frå lette sjal til tette genserar. I tillegg til å sette av god tid til strikking på turen, får vi med nok av historia på Shetland. Folket på øya har sterke band til Norge og Skandinavia heilt frå vikingane invaderte øyane for meir enn 1000 år sidan. Under 2. verdskrig var mange nordmenn involvert i den såkalla Shetlandstrafikken, og dei vart tekne godt imot av folka på Shetland. På denne spennande turen møter vi også dei gjestfri folka som bur her.
5 dager
25 550
1 reise 13 jun 2026
Cruise til Sardinia, Korsika og Sicilia med Tore Skeie
21. - 29./30. juni 2026. Barcelona – Alghero – Ajaccio – Messina – Salerno – Citavecchia (Roma). Velkommen med på eit innhaldsrikt cruise, der vi får oppleve tre av øyane i Middelhavet som står på mange si “bucket list”, i tillegg til fleire andre spennande område og byar. Vi startar med fly til Barcelona, der vi har god tid før vi går om bord i cruiseskipet Queen Victoria dagen etter. Derifrå går ferda til Alghero på Sardinia, vidare til Ajaccio på Korsika, og sørover til Messina på Sicilia. Vi får så ein stopp i Salerno med utflukter til Capri og Pompeii før vi kjem fram til Cittavecchia, hamnebyen til Roma. Historikar og forfattar, Tore Skeie, held foredrag undervegs på båtturen. Han har skrive fleire sakprosabøker om mellomalderen, og han er kanskje mest kjend for boka Hvitekrist, som handlar om Olav Haraldsson og hans tid. Mange av dei store sivilisasjonane har oppstått i Middelhavet og både Korsika, Sardinia og Sicilia har vore viktige strategiske øyar å kontrollere opp gjennom historia. I tillegg har vikingane og etterkommarane deira sett sitt merke på denne delen av Middelhavet. Spesielt på Sicilia, der normannarane skapte eit rike som varde i fleire hundreår. Desse øyane har også ei spennande nyare historie. Napoleon vart fødd på Korsika, og Sicilia er kjend for å vere utspringet for den italienske mafiaen. Sardinia er også svært interessant med sin eigen heilt særmerkte kultur - både når det gjeld språk og musikk. Vi avsluttar turen med stopp i Salerno, der ein kan besøke Pompeii og Napoli, og Roma, der ein kan velje å bli ein ekstra dag. Det er første gong vi arrangerer eit cruise til desse øyane, og vi ser veldig fram til denne spennande reiseruta! Velkommen med på ein svært innhaldsrik tur til desse vakre øyane i vestlege Middelhavet.
1 dag
26 550
10 reiser neste tur 21 jun 2026
Ytre Hebridane med Kirsti MacDonald Jareg
29. juni - 6. juli 2026. Bli med Kirsti MacDonald Jareg til idylliske og interessante ytre Hebridane, øyane utanfor allfarvegen. Kirsti har familiebanda sine frå øya, då bestemor hennar var derifrå. Ho gler seg stort til å gje oss hennar perspektiv til øyane. I følgje National Geographic ligg Hebridane «på kanten av verda». Øygruppa består av over 500 større og mindre øyar, og i underkant av 100 av desse har busetnad. På turen ut til Ytre Hebridane køyrer vi over Isle of Skye, som er ein del av Indre Hebridane. Saman med Kirsti MacDonald Jareg skal vi utforske fleire av øyane. Vi skal blant anna rusle rundt på dei kritkvite strendene og elles høyre historia til folka som har budd her. Kirsti er forfattar med tilleggsutdanning i sosialantropologi. Ho har skrive fleire reiseskildringar frå Atlanterhavsøyane i vest, som til dømes boka «Øyane i vest» - ei bok om Hebridane, Orknøyane og Shetland. Kirsti seier ho lid av “islomani”– ei draging til øyar. Ei tilstand ho absolutt ikkje ønskje å bli kurert frå.
8 dager
43 250
4 reiser neste tur 29 jun 2026
Cruise til Shetland, Hebridane og Military Tattoo med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen
31. juli - 6./7. august 2026. Edinburgh – Shetland – Ytre Hebridane - Edinburgh Velkommen med på eit innhaldsrikt cruise til øyane i vest med sjanse til å få med seg verdskjende Military Tattoo i Edinburgh! Vi startar med fly til Edinburgh, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Balmoral. Derifrå går ferda via Troup Head til Lerwick, hovudstaden på Shetlandøyane. Skipet set så kurs vestover mot den vesle fiskelandsbyen Stornoway på Hebridane før vi segler via Dunvansby Sea Stacks tilbake til Edinburgh. Etter cruiset kan ein bestille ein ekstra dag i Edinburgh for å få med seg det berømte Military Tattoo-showet, som ein absolutt bør få med seg minst ein gong i livet! På denne turen har vi med oss det kjende journalistekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen som fagpersonar. Dei vil på ein engasjerande måte halde spennande foredrag og elles lose oss gjennom flotte dagar om bord på cruiseskipet. Dette er ein tur med mange store opplevingar som vi gler oss veldig til!
7 dager
22 450
10 reiser neste tur 31 jul 2026
Cruise til Shetland, Orknøyane og Hebridane med Linda Eide og Gunnstein Akselberg
26. august - 2. september 2026. Liverpool – Shetland – Orknøyane – Ytre Hebridane – Liverpool I 2025 tok dei showet sitt med på elvecruise. No stikk dei til havs! Vi er glade for å kunne invitere til eit heilt spesielt cruise til dei skotske øyane med språkkveldar med Linda Eide og Gunnstein Akselberg undervegs. I tillegg blir det spennande kåseri om språk, historie og kultur frå Akselberg om bord på båten. Vi startar med fly til Liverpool, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Bolette. Her kan ein få med seg coverband som spelar Beatles-musikk på berømte Cavern Club. Derifrå går ferda til Lerwick, hovudstaden på Shetlandsøyane og til Kirkwall på Orknøyane. Skipet set så kurs vestover mot den vesle fiskelandsbyen Stornoway på Hebridane før vi segler via landemerka Bac Mòr og Fingal’s Cave tilbake til Liverpool. Linda Eide er journalist og programskapar og har vunne mange prisar for arbeidet sitt, blant anna Gullruten to gonger. Frå 2017 til 2023 var ho programleiar for Eides Språksjov på NRK. Språkprofessor Gunnstein Akselberg har vore forelesar på fleire turar til dei skotske øyane, og har stor interesse for dette vakre området. Shetland, Orknøyane og Hebridane har ei historie som heng tett saman med vår eiga, og dei har alle tre interessante kulturelle særtrekk. Det mest talte språket på øyane er skotsk, men fleire, spesielt på Hebridane snakkar gælisk. Det er heller ikkje lenge sidan det norrøne språket døydde ut her, og ein finn det spesielt igjen i dialektord og stadnamn. Mykje stoff å lage språkmoro med altså! Det blir tre språkkveldar med ulike tema om bord, så dette blir ei veldig kjekk oppleving for alle oss som saknar Linda Eide og Gunnstein Akselberg frå TV-skjermen.
8 dager
26 950
5 reiser neste tur 26 aug 2026
Cruise til Færøyane, Orknøyane og rundt Island med Gunnstein Akselberg og Tore Skeie
9. - 22. september 2026 Velkommen med på det store cruiset i vesterled til Færøyane, Orknøyane og heile vegen rundt Island – ei fantastisk reiserute som vi gler oss veldig til å oppleve. Vi startar med fly til London, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambience. Derifrå går ferda til Runavik på Færøyane like utanfor hovudstaden, Torshavn. Skipet set så kurs nordover mot Reykjavik på Island før turen går rundt heile sagaøya til byane Isafjordur, Akureyri og Seydisfjordur. Deretter seglar vi sørover igjen til Kirkwall på Orknøyane før vi returnerer til London. Undervegs blir det spennande foredrag av Tore Skeie om vikinghistoria, og av Gunnstein Akselberg om dei språklege og kulturelle fellestrekka vi har med vesterhavsøyane. Tore Skeie har skrive fleire sakprosabøker om mellomalder og vikingtid, og han er kanskje mest kjend for boka Hvitekrist, som handlar om Olav Haraldsson og hans tid. Gunnstein Akselberg er lingvist og professor emeritus i nordisk språkvitskap. Han har i mange år hatt språkspalta «Snakk med oss» i NRK Hordaland, og han er også kjend frå programmet «Eides språksjov» på NRK. Det er ikkje så mange cruise som tek heile denne reiseruta, så vi er heldige som får denne sjansen. Bli med på ei svært innhaldsrik reise til dei vakre øyane i vest, der vi både kjem nært innpå historia og livet på øyane i dag. Dette er verkeleg ein heilt unik tur som vil bli eit minne for livet!
14 dager
36 950
5 reiser neste tur 9 sep 2026
Elvecruise på Rhinen og Mosel med Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde
27. september – 1./2. oktober 2026. Velkommen med på eit hyggeleg elvecruise på to av dei vakraste elvane i Europa – Rhinen og Mosel, og til to land – Frankrike og Tyskland. Cruiset startar i idylliske Cochem ved Mosel-elva i Tyskland og går så til Alken, Koblenz, vinbyen Boppard og til livlege Rüdesheim am Rhein. Deretter tek elvebåten oss på Rhinen via tyske Mainz til vakre, historiske Strasbourg i Frankrike. Professor Sylfest Lomheim og historikar Rasmus Sunde er med på heile turen og auser av sine store kunnskapar om tysk og fransk kultur, språk, politikk og historie. Sidan vi går i land kvar dag, vert det gode høve til å komme tett på byliv, landskap og folkeliv. På elvecruiset vårt bur vi svært godt på MS Monet (4 stjerner), ein fin elvebåt med 78 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Måltid og drikke om bord er inkludert. Eit elvecruise på Rhinen og Mosel er ei reise i sakte tempo, der du får oppleve dette vakre området frå ein ny vinkel. Du kan lene deg tilbake på dekk, nyte landskapet som glir forbi, og gå i land for å utforske småbyar og storbyar fulle av historie, kultur og folkeliv. Vi har heile båten for oss sjølve, noko som gjer at vi blir ein samansveisa gjeng på desse dagane saman.
5 dager
21 350
10 reiser neste tur 27 sep 2026