Reiser med inhold

Fra 17 norske turoperatører som brenner før opplevelser

Populære temareiser med Fotefar Temareiser AS

Alle temareiser samlet. Søk inspirasjon og bestill!.
Olsokfeiring på Færøyane med Kirsti MacDonald Jareg
26. - 30. juli 2024. Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Den storslegne naturen er ei av årsakene til at National Geographic har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet med knapt 50 000 innbyggjarar har også meir enn særeigen natur å by på. Folka på Færøyane er opne og hyggelege, og dei har ei spennande historie og eit rikt kulturliv. Eit av høgdepunkta for mange er båtturen til dei stupbratte klippene og grottene ved fuglefjellet Vestmannabjørgini. Den aller største hendinga gjennom året på Færøyane er Ólavsøka i juli. Det er ein stor folkefest med feiring av nasjonaldagen den 29. juli. Tórshavn har ca. 18 000 innbyggjarar, men under Ólavsøka, som eigentleg betyr vakenatt, blir folketalet dobla. Færøyingane har lagt nasjonaldagen sin til olsok, som er til minne om Heilag Olav som fall på Stiklestad 29. juli 1030. Historia til Færøyane er sterkt knytt til Norge, då det lenge var ein del av Norgesvelde. Kong Sverre voks opp her, og vi besøkjer garden han kom ifrå, Kirkjubøur. Vi i Fotefar har sikra oss hotellrom og er glade for å kunne tilby kundane våre denne eineståande opplevinga også i 2024. Med oss har vi Kirsti MacDonald Jareg som fagguide. Ho har skrive reiseskildringar om fleire av øyane i vest og er oppteken av menneska som bur der.    
2 reiser neste tur 26 juli
Vandretur på Shetland
8. - 15. juni 2024. Velkommen med på vandreturar i vikingane sine fotefar til Shetland. Vi startar med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi bur fint til i den vesle bygda Brae. Derifrå skal vi utforske det grøne, gjestfrie landskapet i dette øysamfunnet som har så mange spor etter vikingane. Vi besøkjer dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og stader som er sentrale i sagalitteraturen. I tillegg får vi med oss dei viktigaste minnesmerka knytte til Shetlandsgjengen under krigen. Vi legg opp til relativt korte vandreturar (ca. 2-3 timar) i lett terreng dei fleste dagane, og med sjanse til ekstraturar for dei sprekaste. Vandreturane kan klassifiserast som relativt lette, men nokre få av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng.    
1 reise 8 juni
Beatles-tur til Liverpool
30. mai - 3. juni 2024. Med kåseri av Bård Ose. Bli med på ein underhaldande Beatles-tur til Liverpool! Dette er ein av turane vi får aller best tilbakemeldingar på. Dagane startar med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om Beatles og dei andre kjende musikarane frå byen. Vi besøkjer sjølvsagt legendariske Cavern Club og får oppleve stemninga på Penny Lane og magiske Strawberry Fields. Elles får vi vite kven Eleanor Rigby eigentleg var og mykje anna om livet og musikarane i denne legendariske musikkbyen. Og ein tur med «Ferry across the Mersey» står naturlegvis på programmet. Det blir mange konsertar med fantastiske cover-band som spelar Beatles-musikk så likt originalen at ein skulle tru ein var tilbake på slutten av 60-talet.    
2 reiser neste tur 30 mai
Elvecruise på Nilen med Terje Tvedt
7. - 15. oktober 2024. Bli med på tur til Egypt og båtreise på Nilen sammen med ein av verdas fremste ekspertar på elvas historie, Terje Tvedt. Den siste boka hans om elva og dens rolle i samfunna den renn gjennom, «Nilen – Historiens elv» fekk strålande kritikker, vart ein bestseljar og er omsett til mange språk, mellom anna til arabisk i Egypt. Mange har sikkert sett hans dokumentarfilm på NRK, "Kampen om Nilen". Han vil på båten som me har leigd kun for Fotefar halde ei foredragsrekke om ei fasinerande reise i fortid og notid om den mest sagnomsuste av alle store sivilisasjonsskapande elver. Vi startar med nokre dagar i Kairo der vi får med oss Det egyptiske museet og pyramidane i Giza. Det blir vidare sjanse til å melde seg på ei dagsutflukt til Alexandria, før vi tek fly til Luxor og går om bord i den chartra båten vår, MS Amwaj Livingstone. Vi har heile skipet for oss sjølve, og på turen blir det spennande forelesingar frå Terje Tvedt om Nilen si historie. Etter at vi kjem fram til Aswan, blir det sett opp dagsutflukt til Abu Simbel-tempela, bygd av Ramses den andre.    
3 reiser neste tur 7 oktober
Musikktur til Irland
28. august - 1. september 2024. Med Bård Ose. Velkommen med på ein tur full av musikk og musikkhistorie – frå irsk tradisjonsmusikk til rock og pop. Vi startar kvar dag med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om Thin Lizzy, Van Morrison, Rory Gallagher og U2 og andre irske musikarar. Bård har blant anna skrive bøker om  Vinskvetten ,  The Beatles ,  The Rolling Stones  og vore medforfattar av Norsk pop & rock leksikon. Han er ein av programleiarane for radioprogramma  P.I.L.S  og  Radio Rock  som går på  NRK P1 , samt programleiar for Ren 60 og Gammelnorsk på  NRK P1+. Vi besøkjer sjølvsagt det berømte området Temple Bar. Det blir pub til pub-runde med den beste irske tradisjonsmusikken og besøk på Irish Rock ‘N’ Roll Museum. Eit anna høgdepunkt er besøket på legendariske Windmill Lane Studios, der fleire store stjerner har spelt inn plater. Velkommen med på ein unik tur stappfull av store musikkopplevingar!    
3 reiser neste tur 28 august
Edith Piafs Paris med Herborg Kråkevik
23. - 27. oktober 2024. I 2024 er det 61 år sidan Edith Piaf døydde, og over 100 000 franskmenn følgde ho på veg til gravlunden Père-Lachaise. I sitt korte liv hadde Piaf rørt millionar av menneske med sine sterke, men sårbare songar. Musikken hennar er ikkje gløymd, men når stadig nye generasjonar, og det kjem framleis filmar, musikalar og bøker om «Spurven» frå den fattige bydelen Belleville. På denne turen kjem vi nærare innpå både mennesket og artisten Edith Piaf. Vi skal oppleve dei gamle, tradisjonsrike kafeane i Montmartre, Pigalle og Belleville der Piaf spelte, og vandre i gatene der ho tente sine første myntar som gatesongar. Med på turen blir Herborg Kråkevik som har turnert med Piaf-forestilling, gitt ut albumet “Piaf og eg” og laga ein dokumentar om artisten for NRK. Herborg blir med oss på heile turen og held to minikonsertar med Piaf sine songar. Bergens Tidende skriv dette om Kråkevik si Piaf-tolking: «Ikke fordi Herborg etterlikner den franske Spurven, men fordi hun tolker henne med sine egne følelser, sitt eget hjerte og sin egen stemme. Det blir ekte varer av slikt.»    
2 reiser neste tur 23 oktober
Ville vesten & Yellowstone med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen
20. - 30. august 2024. Nasjonalparkar, indianarar og cowboyar. Vi er glade for å kunne presentere ein skikkeleg cowboytur til den ville vesten. Dette er ein ekte roadtrip gjennom statane Colorado, Nebraska, Sør-Dakota, Wyoming og Montana, der nokre av høgdepunkta blir: Oppleving i Pine Ridge-reservatet og møte med folk frå Oglala-stammen Wounded Knee, der ein av dei verste massakrane av Sioux-indianarar fann stad Badlands nasjonalpark Mount Rushmore med dei fire presidentane utskorne i fjell Crazy Horse-monumentet Sioux-indianarane sitt heilage område i Black Hills Landsbyen Sundance, gjort kjend av The Sundance Kid Landemerket Devil’s Tower Overnatting på westernhotellet The Occidental, der Butch Cassidy har overnatta Little Big Horn, slaget der general Custer døydde Rodeo i cowboybyen Cody Overnatting på Irma Hotel bygd av Buffalo Bill Yellowstone og Teton National Park Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen er reiseleiarar på turen. Eva har tidlegare vore korrespondent i USA og har skrive fleire bøker om landet. Joar har lang fartstid som USA-kjennar og journalist. Han har skrive fleire bøker, blant anna “Cowboyer i amerikansk politikk frå Davy Crocket til George W. Bush”. Ekteparet har reist mykje i området der turen vår går. Dei vil fortelje historier og anekdotar om dei kjende namna frå western-historia som Sitting Bull, Jesse James, Wyatt Earp, Annie Oakley Buffalo Bill, general Custer, Calamity Jane, Wild Bill Hickok og mange andre. Vi kan love ein eineståande tur til eit av dei mest spennande områda i USA. På første delen av turen kjem vi nær innpå samfunnet, kulturen og historia til Sioux-indianarane. Her blir det både omvising på ein av ungdomsskulane deira og på colleget i reservatet. I tillegg blir det høve til å møte og stille spørsmål til representantar frå Ogalala-stammen. På veg vestover møter vi byar som har vore sentrale i westernhistoria og i ei mengd filmar og seriar. Her finn vi blant anna opptaksstaden til serien «Den ville vesten» som var så populær i Norge på 80-talet. Velkommen med på ein skikkeleg ville vesten tur!  
2 reiser neste tur 20 august
Vandretur på Shetland
27. juli - 3. august 2024. Velkommen med på vandreturar i vikingane sine fotefar til Shetland. Vi startar med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi bur fint til i den vesle bygda Brae. Derifrå skal vi utforske det grøne, gjestfrie landskapet i dette øysamfunnet som har så mange spor etter vikingane. Vi besøkjer dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og stader som er sentrale i sagalitteraturen. I tillegg får vi med oss dei viktigaste minnesmerka knytte til Shetlandsgjengen under krigen. Vi legg opp til relativt korte vandreturar (ca. 2-3 timar) i lett terreng dei fleste dagane, og med sjanse til ekstraturar for dei sprekaste. Vandreturane kan klassifiserast som relativt lette, men nokre få av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng.    
1 reise 27 juli
Hebridane med Dag Lindebjerg
24. juni - 1. juli 2024. Bli med Dag Lindebjerg til idylliske og interessante Hebridane, utanfor allfarveg. I følgje National Geographic ligg Hebridane «på kanten av verda». Øygruppa består av over 500 større og mindre øyar, og i underkant av 100 av desse har busetnad. På turen gjer vi oss kjende med Isle of Skye på Indre Hebridane, og med Ytre Hebridane, øyriket som tidlegare høyrde til Norge, men som no lenge har vore ein del av Skottland. Saman med Dag Lindebjerg skal vi vitje fleire av øyane, lære om historia, og få oppleve den spesielle kulturen til dei gjestfrie folka. Han vil med sin fengjande forteljarkunst dele kunnskapane sine om 6000 års historie, og kvardagslivet i dag på øyane. Dag Lindebjerg er ein journalist frå Bergen og er kjend som sportskommentator for NRK. I tillegg har han i mange år vore programleiar både i radio og TV for fleire ulike seriar. Etter serien han laga frå Vesterhavsøyane, ville han gjerne tilbake til øyane. Han vart reiseleiar, og mange har hatt glede av å vere med han på kjekke turar. No kan det vere din tur!       
2 reiser neste tur 24 juni
Med Rasmus Sunde i utvandrarane sine fotefar i Midtvesten
21. - 30. Juli 2024 Har du drøymt om å besøkje Amerika? Bli med på ein rundtur på prærien og opplev det ekte USA. På denne turen gjennom tre statar i Midtvesten reiser vi i fotefara til dei norske immigrantane. Vi får oppleve store og små byar både i Minnesota, Wisconsin og Iowa og vil dessutan møte både det «norske» og det moderne Amerika. Høgdepunktet på turen vert Nordic Fest i Decorah. Emigrasjonshistorikaren Rasmus Sunde er ansvarleg for denne spennande turen. Han er spesialist på utvandringa frå Norge, har doktorgrad på emnet og har solid erfaring som turleiar til Midtvesten med 22 turar dit. I tillegg har han med seg ein reiseleiar frå Fotefar temareiser.
2 reiser neste tur 21 juli
Med Edvard Hoem til hans litterære rike i Romsdal
17. - 21. juni 2024. På denne turen møter vi Edvard Hoem på heimebane. Han er ein av dei aller fremste forfattarane i Norge i dag, og i tillegg er han ein sjeldan god formidlar. Kvar dag vil han halde foredrag om romanane sine som er baserte på verkelege personar og hendingar. Desse familiekrønikene hans frå Romsdal har gjort Hoem til ein særs populær og folkekjær diktar. Under opphaldet får vi guida turar med Edvard Hoem rundt om i vakre Romsdal. Vi spaserer til Rekneslia der oldefar hans, «slåttekaren i himmelen”, hadde heimen sin. Elles besøkjer vi stader som diktarheimen hans på Hoem, skulen han gjekk på og bedehuset som bestefaren ivra for å få bygt. Vidare skal vi kikke på kyrkjene Vågøy og Veøy, som er sentrale i bøkene hans. Vi får busstur til Kristiansund og Smedvika der felemakaren, Lars Olsen Hoem, hadde heimen sin. På denne rundturen i skiftande landskap køyrer vi tilbake over Atlanterhavsvegen til Hustad og Bud. Edvard Hoem har skrive ein stor biografi om Bjørnstjerne Bjørnson, og vi legg opp til ein busstur til Nesset prestegard i Eidsvåg der Bjørnson voks opp. Fotefar er elles glade for å tilby ein flott konsert med Edvard Hoem og dottera Ine Kristine Hoem i Vågøy kyrkje. Vi bur sentralt på eit godt hotell i “Rosenes by”.    
1 reise 17 juni
Beatles-tur til Liverpool
22. - 26. mai 2024. Med kåseri av Bård Ose. Bli med på ein underhaldande Beatles-tur til Liverpool! Dette er ein av turane vi får aller best tilbakemeldingar på. Dagane startar med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om Beatles og dei andre kjende musikarane frå byen. Vi besøkjer sjølvsagt legendariske Cavern Club og får oppleve stemninga på Penny Lane og magiske Strawberry Fields. Elles får vi vite kven Eleanor Rigby eigentleg var og mykje anna om livet og musikarane i denne legendariske musikkbyen. Og ein tur med «Ferry across the Mersey» står naturlegvis på programmet. Det blir mange konsertar med fantastiske cover-band som spelar Beatles-musikk så likt originalen at ein skulle tru ein var tilbake på slutten av 60-talet.    
2 reiser neste tur 22 mai
Musikktur til London
25. - 29. september 2024. Med Bård Ose. Dette er den ultimate turen for alle som er interesserte i 60- og 70-talsmusikk. Dagane startar med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om The Rolling Stones, The Beatles, The Kinks, The Who, Pink Floyd, Jimi Hendrix, David Bowie, Bob Dylan og fleire andre av dei mange musikarane som har budd i London. Her kan dei som vil, besøke Abbey Road, med den berømte fotgjengarovergangen og få oppleve stemninga i Soho. Det blir også mogeleg å besøke Handel & Hendrix House, ete middag på den originale Hard Rock Café-en med påfølgande besøk i museet deira og elles ta ein tur innom konserthuset Royal Albert Hall med meir. Eit anna høgdepunkt er legendariske The Troubadour, der fleire store stjerner frå 60- og 70-talet har spelt, og her skal vi få med oss ein konsert eller to. Velkommen med på ein unik London-tur stappfull av store musikkopplevingar!    
3 reiser neste tur 25 september
Fantastiske Færøyane med Dag Lindebjerg
27. mai - 2. juni 2024. Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Bli med TV-profil og Vesterled-entusiast Dag Lindebjerg på ein innhaldsrik tur til våre naboar i vest. Dag er journalist frå Bergen og har i mange år vore programleiar både i radio og TV. Etter NRK-serien han laga frå Vesterhavsøyane, ville han gjerne tilbake til øyane. Han vart kjentmann for grupper av nordmenn som ville over, og mange har hatt glede av å vere med han på kjekke reiser. No kan det vere din tur! Med sin engasjerande formidlarstil deler Dag raust av sine store kunnskapar om geografien, historia og folket.  Den storslegne naturen på Færøyane er ei av årsakene til at National Geographic tidlegare har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet med knapt 50 000 innbyggjarar har også meir enn særeigen natur å by på. Folka på Færøyane er opne og hyggelege, og dei har ei spennande historie og eit rikt kulturliv. Historia til Færøyane er sterkt knytt til Norge, då det lenge var ein del av Norgesveldet. Vår eigen Kong Sverre voks opp her, og vi skal blant anna besøkje garden han kom ifrå, Kirkjubøur. Færøyane som består av 18 øyar er «toppen» av ei undersjøisk fjellkjede. Slættaratindur med sine 880 m.o.h. er det høgste av fjella og eit av turmåla våre denne veka. Vi skal også vitje små bygder som Gjogv, Gasadalur og Gøta, og vi skal bli kjende med den spennande hovudstaden Tórshavn.    
3 reiser neste tur 27 mai
Cruise rundt britiske øyar med Hans Olav Lahlum
21. juli - 3. august 2024. Orknøyane - Hebridane - Nord-Irland - Irland - Isles of Scilly - England. Velkommen med på det store cruiset rundt dei britiske øyane. Det er ikkje ofte sjansen byr seg til å oppleve så mange av desse interessante øyane - både store og små - på ei reise! Vi startar med fly til London, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambience. Derifrå går ferda til Kirkwall på Orknøyane, vidare til Invergordon på det skotske høglandet, Stornoway på Ytre Hebridane og Tobermory på Indre Hebridane. Skipet set så kurs vestover til Belfast i Nord-Irland før turen går vidare til Cork i Irland. Neste stopp er Scilly-øyane som få nordmenn har besøkt. Deretter seglar vi inn i den engelske kanalen til Plymouth i Devon og Portsmouth i Hampshire før vi kjem tilbake til London igjen. Undervegs blir det foredrag av Hans Olav Lahlum om britisk historie, kultur, politikk og litteratur. Lahlum er historikar og har blant anna skrive boka: Britiske statsministre 1900-2015. Fra Lord Salisbury til David Cameron i tillegg til ei lang rekkje andre bøker - både sakprosa og skjønnlitteratur. Vi i Fotefar temareiser er glade for å kunne tilby eit cruise rundt heile dei britiske øyane med ein svært dyktig forelesar. Dette er ein heilt unik tur som vil bli eit minne for livet!  
5 reiser neste tur 21 juli
Cruise i Vesterled og Military Tattoo med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen
31. juli - 8. august 2024. Liverpool - Belfast - Hebridane - Færøyane - Shetland - Edinburgh. Velkommen med på eit eineståande cruise til øyane i Vesterled med sjanse til å få med seg verdskjende Military Tattoo i Edinburgh! Vi startar med fly til Liverpool, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambition. Derifrå går ferda til Belfast, vidare til Isle of Lewis på Hebridane, og så nordover til Færøyane. Skipet set så kurs søraustover til Shetland før turen går til Edinburgh på det skotske høglandet. Der ligg båten til kai i to netter, så vi kan få med oss verdskjende Military Tattoo. På denne turen har vi med oss det kjende journalistekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen som fagpersonar. Dei vil på ein engasjerande måte halde spennande foredrag og elles lose oss gjennom flotte dagar om bord på cruiseskipet. Dette er ein tur med mange store opplevingar som vi gler oss veldig til!    
6 reiser neste tur 31 juli
Shetland og Orknøyane med Dag Lindebjerg
17. - 24. august 2024. Velkomen til ein spennande og innhaldsrik tur til Shetland og Orknøyane saman med TV-profilen og “vesterleds-entusiasten” Dag Lindebjerg. Han er journalist frå Bergen og kjend som sportskommentator i NRK. I tillegg har han i mange år vore programleiar både i radio og TV for fleire ulike seriar. Etter programma om Vesterhavsøyane ville han gjerne tilbake til dette spennande området, og han vart reiseleiar dit. Mange har hatt glede av å vere med han, og no kan det vere din tur til å få ei eventyrreise vest i havet. Med sin engasjerande formidlarstil deler Dag Lindebjerg raust av kjennskapen sin om geografien, historia og folket på øyane i vest. Shetland er på fleire måtar som ei reise attende i historia. Folket her har sterke band til Norge og Skandinavia heilt frå vikingane invaderte øyane for meir enn 1000 år sidan. Vi finn eit vakkert, grønt landskap, og vi skal vitje mange historiske attraksjonar. Orknøyane har ei rikhaldig historie som går tilbake 5-6000 år. Dag vil gje deg eit innblikk i historia til øyane frå den tida og heilt fram til i dag. Vi skal besøkje fleire historiske attraksjonar som den staselege og majestetiske St. Magnuskatedralen, bygd av jarlen Ragnvald Orknøyjarl. Katedralen har store likskapstrekk med vår eigen Nidarosdomen. På heile turen møter vi hyggelege og gjestfrie folk som er særleg glade for å få besøk frå Norge.      
1 reise 17 august
Andrea Bocelli i heimbyen Lajatico
15. - 19. juli 2024. Grøne åssider, vakre landsbyar og gode smakar kjenneteiknar Toscana. Kvart år inviterer den verdskjende tenoren og operasongaren Andrea Bocelli til utandørs operakonsert i heimbyen sin Lajatico. 2024 er også året der Bocelli feirar 30 som artist. Fotefar gjentek suksessen frå 2023, og inviterer deg til å dele denne musikalske opplevinga saman med oss. På turen skal vi bu i mellomalderbyen San Miniato, som ligg i hjarta av Toscana. Byen har eit hyggeleg sentrum med mange kaféar og butikkar, blant anna finn du trøffelbutikk her. Byen og området rundt har stort fokus på såkalla «Slow Food», altså lokal mat dyrka i nærleiken og laga med tradisjonelle oppskrifter. Her får vi smake på ekte toskanske matrettar med lang historie i regionen. I tillegg til konserten med Bocelli får du høve til å oppleve renessansebyen Firenze, og vi skal vitje ein vingard som ligg vakkert til i det toscanske landskapet.      
3 reiser neste tur 15 juli
Cruise til kanaløyane, Normandie og D-dagsmarkering med Harald Sunde
1. - 8. juni 2024. Bristol - Guernsey - Le Havre - D-dagsstrendene - Isles of Scilly - Bristol.  Velkommen med på eit heilt unikt cruise til D-dagsstrendene i Normandie! Vi startar med fly til London og buss til Bristol, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambition. Derifrå går ferda til kanaløya Guernsey, og så til Le Havre i Frankrike. På 80-årsdagen for D-dagen ligg skipet ved strendene der invasjonen skjedde, og vi får ein heilt unik sjanse til å vere på same stad som dei allierte soldatane 80 år tidlegare. Etter ei høgtidleg markering av dagen og ei minnegudsteneste for dei falne, tek båten oss vidare til Isles of Scilly før vi seglar nordover igjen på Irskesjøen til Bristol. På denne turen har vi med oss tidlegare forsvarssjef Harald Sunde som fagperson. Han vil på ein engasjerande måte halde spennande foredrag om D-dagen og andre verdskrigen. Det blir ei heilt spesiell oppleving å ligge over natta på staden der invasjonsstyrken gjekk i land , og vakne opp til synet av dei same strendene som soldatane såg for 80 år sidan! Dette blir ein eineståande tur som ein vil hugse resten av livet! Vi kjem veldig nær ein av dei viktigaste hendingane i verdshistoria, men også tragedien med så mange tapte menneskeliv.
2 reiser neste tur 1 juni
Elvecruise på Seinen med Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde
1. - 7. oktober 2024. Honfleur - Rouen - Giverny - Fontainebleau - Melun - Paris. Vi i Fotefar temareiser er svært glade for å kunne tilby eit eksepsjonelt båtcruise på Seinen, den nest lengste elva i Frankrike. Cruiset startar i Seinens ende frå Honfleur ved Côte Fleurie og går sørøstover til byen Melun, før vi snur nordover mot Paris. Vi opplever idylliske Honfleur, historiske Rouen, pittoreske Giverny med hagen til målaren Monet og det flotte Fontainebleau-slottet.  I tillegg får vi med oss nokre av dei viktigaste attraksjonane i Paris. Professor Sylfest Lomheim og historikar Rasmus Sunde er med på heile turen og lósar oss gjennom ved å ause av sine store kunnskapar om fransk kultur, språk, politikk og historie med særleg fokus på Normandie. Sidan vi går i land kvar dag, vert det gode høve til å komme tett på byliv, landskap og attraksjonar. Sylfest kjenner landsdelen frå innsida, både frå yrkesliv og gjennom si familie-tilknyting. På elvecruiset vårt bur vi svært godt på Seine Princess, eit hyggeleg, førsteklasses cruiseskip med 67 lugarar som alle er utvendige. Alle lugarar har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Det er “All inclusive” om bord med nydeleg mat og drikke inkludert. Vi har heile båten for oss sjølve, så dette blir ei unik oppleving med foredrag av Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde. Dei to vil også guide i Honfleur, Rouen og Paris. Om kveldane legg vi opp til underhaldning etter middag, der Sylfest blant anna tek fram gitaren og spelar og syng. I foredraga og i guidinga vil Sylfest og Rasmus ta for seg følgjande emne: - vikingtida, hertugdømme Normandie og Gange-Rolv - den norrøne 'ord-invasjonen' og dei mange stadnamna med norsk-dansk opphav - dei lange linjene i historia til Normandie - kjende historiske personar som har levd der, som Jeanne d'Arc - Edith Piaf sitt liv - Normandie sitt jordbruk og næringsliv - normannisk mat og drikke - krig og fred i Normandie                                     - den franske revolusjonen og Napoleon    
5 reiser neste tur 1 oktober
Den store musikkturen Nashville, Memphis & New Orleans med Olav Stedje
1. - 10. oktober 2024. Dette er ein tur vi i Fotefar temareiser alltid gler oss veldig til. Vi får oppleve tre fantastiske musikkbyar, Nashville med country, Memphis med blues og New Orleans med jazz. I Nashville får vi med oss Grand Ole Opry og countrymusikk på barar på Broadway Street. I Memphis besøkjer vi Elvis sin heim, Graceland og bluesklubbane på Beale Street. I New Orleans opplever vi jazzen på Bourbon Street og nyt folkelivet i Louis Armstrong sin fødeby. Dette er byar der musikken aldri sluttar å spele! Artisten Olav Stedje er med på heile turen og held minikonsertar.    
3 reiser neste tur 1 oktober
Blomstercruise på kanalar i Nederland og Belgia
26. - 30. april 2024. Antverpen - Rotterdam - Keukenhof - Zaanse Schans - Volendam - Amsterdam. Velkommen med på elvecruise langs idylliske kanalar til koselege landsbyar og vakre byar! På dette blomstercruiset opplever vi Nederland og Belgia når våren er på sitt grønaste og finaste. Cruiset startar i flotte Antverpen og seglar først via kanalar og innsjøar til Rotterdam. Deretter går turen til Amsterdam midt i tulipanblomstringa. Her blir det utflukt til den praktfulle blomsterparken Keukenhof. Den store tulipanfestivalen går føre seg her i heile april, så her er det mykje å få med seg. Vi bur godt på elvebåten, MS Beethoven (4 stjerner) med mat og drikke inkludert på heile seglinga. Alle lugarar har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition.    
2 reiser neste tur 26 april
Cruise i Austersjøen med Gunnstein Akselberg
21. - 27. juni 2024. Har du som mange andre drøymt om å reise til Bornholm eller Gotland i Austersjøen? No har du sjansen til å oppleve desse to attraktive øyane på dette cruiset, der du i tillegg får med deg “kongens by” København, idylliske Warnemünde i Tyskland, vakre Gdynia i Polen og til slutt den fantastiske innseglinga i skjergarden til Stockholm. Vi reiser med det store, majestetiske skipet MSC Poesia med “all inclusive”. Det er tre måltid og drikke inkludert i fleire à la carte- og buffetrestaurantar, i tillegg til dei mange barane. Her er det fleire alternativ når det gjeld lugarar – alt frå både inn- og utvendige, til balkonglugarar eller suitar. Elles har skipet alt ein kan ønske seg av aktivitetar, frå fleire symjebasseng og treningsfasilitetar til spa-avdeling med meir. Fotefar har sikra seg plassar om bord på denne spennande turen. Vi er svært glade for å ha med professor Gunnstein Akselberg som kåsør. Han er professor emeritus i nordisk språkvitskap og er mest kjend frå programmet «Eides språksjov» på . Han held kåseri om emne innan språk, kultur og historie som er relaterte til området vi besøker. Elles kan ein også melde seg på ulike utflukter i regi av reiarlaget i alle hamnane undervegs på turen, mot tillegg i prisen.    
2 reiser neste tur 21 juni
Elvecruise på fire elvar - Mosel, Saar, Rhinen og Neckar med Gunnstein Akselberg
16. - 22. august 2024. Mosel - Saar - Rhinen - Neckar Velkommen med på eit innhaldsrikt elvecruise på fire elvar – Mosel, Saar, Rhinen og Neckar og til tre land – Luxemburg, Tyskland og Frankrike. Cruiset startar i Luxemburg og går først til byen Saarburg før vi stoppar i tyske Trier, som truleg er Tysklands eldste by. Vidare seglar vi vidare til Cochem i Mosel-dalen, Koblenz og Rüdesheim am Rhein. Båten tek oss så til Mannheim, der ein kan vere med på utflukt til romantiske Heidelberg, før vi tek fatt på siste etappe til vakre, historiske Strasbourg i Frankrike. Professor Gunnstein Akselberg, best kjend frå Eides språksjov, har lenge interessert seg for dei vakre, tyske kulturbyane. Dei har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk, arkitektur og religion, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie. Vi har heile båten berre for Fotefar, så dette blir ei unik oppleving med daglege kåseri av Gunnstein Akselberg om bord. På elvecruiset vårt bur vi svært godt på Leonardo Da Vinci (4 stjerner), ein hyggeleg elvebåt med 70 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Det er “all inclusive” om bord med nydeleg mat og drikke inkludert.    
5 reiser neste tur 16 august
Countryturen USA 2024
6. – 17. september 2023 Bli med Country4you på en fantastisk rundreise i sørstatene. På denne 12 dagers turen er det countrymusikken som står i fokus. Den norske countryartisten Arly Karlsen er med på hele turen og underholder gruppen underveis og vi besøker blant annet Johnny Cash sitt barndomshjem, fødestedet til Elvis Presley, Graceland, Sun Studio, Grand Ole Opry og mye mer! Hele programmet ser du på:  www.country4you.com/countryturen-usa
2 reiser neste tur 6 september
Sagaøya Island med Kirsti MacDonald Jareg
15. - 20. august 2024. Vi har med oss forfattar Kirsti MacDonald Jareg når vi besøker Island for å lære meir om livet på sagaøya. Det blir seks spennande dagar med historie, kultur og sagaer i tillegg til fantastiske naturattraksjonar. Turen startar i Reykjavik der vi ser oss om og vert betre kjend med byen. Det blir utflukter til blant anna ein av heimane til Snorre Sturlason på Røykholt. Sjølvsagt skal vi kike på dei verdskjende attraksjonane Thingvellir, Geysir og Gullfoss. Bli gjerne med til Heimaey i Vestmannaeyjar der vulkanutbrotet til Eldfjell skaka øysamfunnet i 1973. Kirsti MacDonald Jareg er vår dyktige guide på øya. Reiseskildringa hennar frå Island er den tredje boka ho skreiv om atlantiske øyar. I boka svingar ho lett mellom sagaene, skildringar av ver og landskap og portrett av islendingar ho møtte på reisa si. No kan du bli med henne på ny oppdagingsferd til dette spennande landet.    
2 reiser neste tur 15 august
Washington D.C. og valvake med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen
2. - 8. november 2024. Valvake i Washington D.C. med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen. Opplev det historiske presidentvalet saman med dei to tidlegare NRK-korrespondentane. Vi er der når det skjer, kjenner på stemninga og tek valpulsen på nasjonen. Den amerikanske hovudstaden er eit utstillingsvindauge for tidlegare presidentar. Vi besøker Lincoln Memorial og Washington Monument, John F. Kennedy si grav og teateret der Abraham Lincoln vart skoten. Bli med til dei ikoniske bygningane, sjå dei storslegne monumenta og oppsøk dei historiske stadene. Ta Det kvite huset og Capitol i augesyn, sjå minnesmerka over Franklin D. Roosevelt og Martin Luther King og følg oppteljinga minutt for minutt i det nokon meiner kan bli det mest dramatiske presidentvalet i landet si historie. Det blir også høve til å besøke dei unike musea i det store Smithsonian-komplekset. Litt shopping i idylliske Georgetown blir det også tid til. Eller du kan rusle i gatene og utforske den storslegne og vakre byen i ro og mak. Vi bur sentralt i East End Washington rett nord for regjeringsbygget, ved Union Station.
2 reiser neste tur 2 november
Julemarknad, julebord og dans på Oset Fjellhotell
27. - 29. november 2024 Bli med Fotefar og reiseleiarane Anne Henden og Rasmus Sunde til Oset Fjellhotell. Dette unike hotellet ligg på Golsfjellet midt mellom Hallingdal, Hemsedal og Valdres. Hotellet og området rundt er eit eldorado der ein kan nyte både aktive og avslappande dagar. Oset har i ei årrekke arrangert julemarknad og julebord i førjulstida, og det er nettopp derfor Fotefar har valt å reise hit for ei heimekoseleg ramme rundt julemarknad og julebord for deltakarane våre. Her kan vi senke skuldrane og berre kose oss i godt selskap. Det blir god mat og høve til dans kvar kveld etter levande musikk. Utanfor hotellet er tilhøva fine for ein lett fjelltur for dei som ønsker det. Gudrun og Per Jørgen er 5. generasjon som driv hotellet, og dei gjer sitt aller beste for at gjestene skal trivast og kjenne på den gode atmosfæren på hotellet. Slagordet deira er Rausheit og omsorg sidan 1880. Deltakarane kan komme seg til Oset Fjellhotel på fleire måtar. Fotefar legg opp til busstransport frå Førde, via Skei, Sogndal og Lærdal. Eller ein kan ta tog frå aust eller vest, og bli henta med buss på Gol stasjon. For somme passar det best å nytte eigen bil.    
3 reiser neste tur 27 november
Elvecruise på Donau og julemarknad
3. - 7. desember 2024. Wien - Budapest - Bratislava - Wien. Bli med på eit flott elvecruise til tre hovudstader langs majestetiske Donau, dronninga blant elvane i Europa. På turen vil vi oppleve spennande storbyar, segle gjennom skiftande landskap med vinmarker og naturområde og elles kikke på folkelivet langs denne travle elva. På denne tida er gjerne områda dekte med snø, og byane er julepynta. Dette vil skape ei flott ramme rundt denne turen i desember. Vi startar cruiset i den verdskjende kulturbyen Wien med sin lange historie med blant anna eit rikt  kultur- og  musikkliv. Deretter går turen til Budapest som har både gamal og ny busetnad, varme kjelder og historiske bad. Det blir også stopp i Bratislava, den unge hovudstaden i Slovakia, med både gamal og rik historie, heilt tilbake til keltisk og romersk tid. I kvar av byane får vi med oss spennande julemarknad og elles tilbod om å vere med på guida bussturar for å bli kjende med desse vakre byane. Vi bur godt på MS Vivaldi (5 stjerner) som er eit førsteklasses cruiseskip med ein vennleg atmosfære. Både restauranten og salongen ligg på mellomdekket og har store vindauge. I den koselege salongen er det underhaldning, og her er det også dansegolv. Her kan vi også slappe av og nyte landskapet som sakte glir forbi. Det er “all inclusive” med mat og drikke inkludert på heile seglinga. Alle lugarar har bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Det er gratis Wi-Fi om bord.    
2 reiser neste tur 3 desember
Kunstreise til Roma med Paola Burigana Graff
7. - 11. november 2024. Fotefar har gleda av å invitere til spennande dagar i vakre Roma, byen som vert kalla «Den evige stad». Det blir forelesingar med den dugande italienske kunsthistorikaren Paola Burigana Graff som har mastergrad i kunsthistorie og i museumsstudiar, i tillegg til brei erfaring i kunstformidling. Mange kjenner ho både frå Universitetet i Oslo, Det italienske kulturinstituttet eller frå Nasjonalmuseet. Vi får også med oss ein lokal skandinavisktalande guide på sentrale attraksjonar som Vatikanet og Peterskyrkja, i tillegg å vitje byen Tivoli med Hadrians Villa og Villa d’Este.  Roma er som eit 2800 år gammalt museum, og dette er byens unike sjarm. Byen har sida 1600-talet vore ein obligatorisk stoppestad i danningsreisa «Grand Tour». Både innan- og utandørs finn vi oldtidsmonument, kunstskattar og tidlaus arkitektur. Med religiøst hjarte og historisk sjel, forfører og inspirerer byen stadig folk på besøk. Michelangelo, Rafael, Caravaggio, Bernini og mange andre kunstnarar frå ulike delar av Italia og Europa har blomstra i Roma. Dei har dekorert byen med meisterverk i målarkunst, skulptur og arkitektur. Bli med oss på innhaldsrike dagar i Roma, der det også vil bli tid til å senke tempoet, vandre i gatene, ta ein espresso, ein gelato eller eit glas vin og berre sjå på folkelivet og nyte atmosfæren i denne vakre byen.    
2 reiser neste tur 7 november
Normandie med Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde
2. - 9. april 2025. Er du interessert i å oppleve historie, mat og kultur saman med eit triveleg reisefølge? Då kan ei temareise til frodige og vakre Normandie vere midt i blinken for deg. For oss nordmenn er det verdt å merke seg at namnet Normandie tyder «mennene frå nord». Saman med vikingar grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Denne historia og Den andre verdskrig med D-dagen vil du høyre mykje om. På turen besøker vi blant anna den eventyrlege klosterøya Mont St. Michel, den vakre hagen til målaren Claude Monet, det berømte Bayeux-teppet og dei mange minnesmerka frå Den andre verdskrig. Vi er så heldige å ha med oss den kjende språkmannen, professor Sylfest Lomheim, som den eine reiseleiaren og guiden. Han kjenner Normandie godt sidan han underviste på universitetet i Caen i tre år. Den andre reiseleiaren er Rasmus Sunde, som har doktorgrad i historie.    
2 reiser neste tur 2 april 2025
Ålesund og cruise på Hjørundfjorden med Leikanger Pensjonistlag
29.-31. mai 2024. Bli med Leikanger pensjonistlag på tur til Sunnmøre med Ålesund og den vakre Hjørundfjorden. Vi skal oppleve den tronge og dramatiske Nordangsdalen, ete lunsj på Hotel Union Øye og bu sentralt «på kaia» i Ålesund. Eitt av høgdepunkta på turen blir å gå om bord i MS Bruvik rett utanfor hotellet vårt i Ålesund. Derifrå reiser vi heile Hjørundfjorden inn til kulturbygda Bjørke. Her legg vi til kai, ruslar opp til det freda Bakketunet med sine seks ærverdige eldre bygningar: Stove, låve, stabbur, fjøs for kyr, fjør for sauer (smalefjøs) og stall.  Tømmeret i dei eldste husa er datert tilbake til 1549, og tunet er derfor rekna som det eldste heilskaplege gardstunet på Sunnmøre. Det vert også sagt at garden har den eldste grindløa (låven) i landet. I over 400 år har bygningane på Bakketunet husa både menneske og dyr. I 2010 opna eigarane tunet for besøkande, og Bakketunet har sidan den gongen blitt eit ettertrakta reisemål i Hjørundfjorden. Påmeldingsfrist 2. april 2024.    
1 reise 29 mai
Elvecruise på Donau
15. - 19. juli 2024. Wien - Budapest - Bratislava - Wien. Bli med på eit flott elvecruise til tre hovudstader langs majestetiske Donau, dronninga blant elvane i Europa. På turen vil vi oppleve spennande storbyar, segle gjennom skiftande landskap med vinmarker og naturområde og elles kikke på folkelivet langs denne travle elva. Vi startar turen i den verdskjende kulturbyen Wien med si lange historie med blant anna det rike musikklivet og berømte Konzerthaus. Deretter går turen til Budapest med både gamal og ny busetnad, sine varme kjelder og sine historiske bad, vakre bruer og dei store, breie bulevardane. Det blir også stopp i Bratislava, den unge hovudstaden i Slovakia, men som også har ei gamal og rik historie tilbake til keltisk og romersk tid. Her kan vi vandre rundt i den sjarmerande gamlebyen med brusteintorget og i dei tronge, pittoreske gatene. Vi bur godt på MS Vivaldi (5 stjerner) som er eit førsteklasses cruiseskip med vakker innreiing og ein vennleg atmosfære. Både restauranten og salongen ligg på mellomdekket og har store vindauge. I den koselege salongen er det underhaldning, og her er det også dansegolv. Frå soldekket kan vi slappe av og nyte landskapet som sakte glir forbi. Det er “all inclusive” med mat og drikke inkludert på heile seglinga. Alle lugarar har bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Det er også gratis Wi-Fi om bord.    
2 reiser neste tur 15 juli
Kulturreise til Georgia med Bjørn Sørheim og Svend Waage
22. - 30. september 2024.  Bli med til eitt av verdas vakraste land med frodige dalar, imponerande fjell, karakteristiske steppelandskap og nokre av dei eldste vinmarkene i verda. Georgia er både eksotisk og velkjend med si blanding av asiatisk og europeisk kultur. Vi besøker pittoreske landsbyar, Kaukasus-fjella og den historiske hovudstaden Tbilisi, der både Hamsun og Nansen har late etter seg spor. Plasseringa på Silkevegen mellom aust og vest har gjort Georgia til ein smeltedigel kulturelt sett og eit ynda erobringsmål for stormaktene.   Bjørn Sørheim er Fotefar sin fagleiar/reiseleiar på denne turen. Han har vore dosent i engelsk ved Høgskulen i Sogndal, og som pensjonist har han vore reiseleiar for Fotefar til fleire reisemål, som til Georgia fleire gonger.    Vi har også med oss Svend Waage på denne spennande turen. Han har budd i dette flotte landet i meir enn 15 år saman med sin norsk-georgiske familie. Svend er lidenskapeleg oppteken av den georgiske kulturen og tradisjonen, og arbeider aktivt for å styrke banda mellom Noreg og Georgia.     
2 reiser neste tur 22 september
Shetland, Orknøyane og Nord-Skottland med Torgrim Titlestad 2024
16.-24. september 2024. Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Med oss på turen er professor og vikingekspert, Torgrim Titlestad. Han er ein glimrande forelesar og vil gje oss eit historisk innblikk i vikingtida, stadene vi besøker og dei norske spora på øyane. Vi startar med fly om ettermiddagen både frå Bergen, Oslo og Stavanger til Aberdeen. Velkomstmiddag og «bli-kjend-kveld» på hotellet. Neste morgon får vi det første foredraget av Titlestad, og det blir guida tur rundt om i den spennande byen. Om kvelden tek vi ferja til Lerwick på Shetland og kjem dit tidleg neste morgon. På Shetland besøker vi blant anna dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og elles Scalloway Museum som har ei eiga avdeling om Shetlandsfarten under krigen. Etter to dagar på Shetland seglar vi vidare til Kirkwall på Orknøyane. Her får vi med oss den imponerande St. Magnus-katedralen og dei verdskjende steinalderminna Scara Brae. Vi tek ferja tilbake til det skotske fastlandet, og bussen vår køyrer oss til slutt tilbake til Aberdeen.    
3 reiser neste tur 16 september
Vandretur på paradisøya Madeira
5. - 12. november 2024. Paradisøya Madeira, perla i Atlanterhavet, kan samanliknast med ein flytande hage. Vulkansk oske og lava har gitt øya eit svært næringsrikt jordsmonn. Same kva årstid vi vel å besøkje øya, så kan vi nyte ein enorm blomsterprakt. Denne fruktbare øya er eit botanisk paradis, og blomstrar som begonia, julestjerne og oleander veks her vilt som store busker og tre. Madeira er ei ”dramatisk” øy, eksotisk grøn med lys som gir landskapet eit spesielt skimmer. Vi skal bu like utafor sentrum av hovudstaden på Madeira, Funchal. Byen står i dag fram som svært moderne og spennande, medan jordbruket for ein god del framleis blir dyrka etter tradisjonelle metodar. Hakke og ljå er vanlege reiskapar, og generasjonar har dyrka vin og bananar på dei karakteristiske terrasse-åkrane opp etter fjellsidene. Vandreturane langs vatningskanalane levadaane, som knyter saman heile Madeira i eit gigantisk nettverk, må berre opplevast. Vandreturane varierer mellom 6 til 11 km, og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og fantastisk landskap. Alle dagsturane er relativt lette og går på nokså flate stiar. Elles skal vi kose oss med nydeleg mat og god vin, og hotellet vårt med fire stjerner har mange flotte fasilitetar.    
1 reise 5 november
Vandretur på paradisøya Madeira
12. - 19. november 2024. Paradisøya Madeira, perla i Atlanterhavet, kan samanliknast med ein flytande hage. Vulkansk oske og lava har gitt øya eit svært næringsrikt jordsmonn. Same kva årstid vi vel å besøkje øya, så kan vi nyte ein enorm blomsterprakt. Denne fruktbare øya er eit botanisk paradis, og blomstrar som begonia, julestjerne og oleander veks her vilt som store busker og tre. Madeira er ei ”dramatisk” øy, eksotisk grøn med lys som gir landskapet eit spesielt skimmer. Vi skal bu like utafor sentrum av hovudstaden på Madeira, Funchal. Byen står i dag fram som svært moderne og spennande, medan jordbruket for ein god del framleis blir dyrka etter tradisjonelle metodar. Hakke og ljå er vanlege reiskapar, og generasjonar har dyrka vin og bananar på dei karakteristiske terrasse-åkrane opp etter fjellsidene. Vandreturane langs vatningskanalane levadaane, som knyter saman heile Madeira i eit gigantisk nettverk, må berre opplevast. Vandreturane varierer mellom 6 til 11 km, og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og fantastisk landskap. Alle dagsturane er relativt lette og går på nokså flate stiar. Elles skal vi kose oss med nydeleg mat og god vin, og hotellet vårt med fire stjerner har mange flotte fasilitetar.    
1 reise 12 november
Roma og Toscana
13. - 18. november 2024. Grøne åssider, sjarmerande landsbyar og kulinariske opplevingar karakteriserer Toscana. Denne turen tek deg med på ei uforgløymeleg reise gjennom dei historiske stadene. Vi startar turen i Roma, der vi får med oss hovudattraksjonar som Colosseum, Peterskyrkja, og Pantheon. Føl atmosfæren i denne tidlause byen som har tilnamnet «Den evige stad». Deretter tek bussen vår oss til den idylliske byen San Miniato, som ligg midt i hjarta av Toscana. Eit av høgdepunkta der er å vere med på den populære trøffelfestivalen som samlar mykje folk. Her får du sjansen til å fordjupa deg i ei verd av  delikate trøflar og gode vinar. Mellomalderbyen San Miniato kan elles  by på ein heilt unik atmosfære, kombinert med dei kulinariske høgdepunkta på trøffelfestivalen - ein ekte smak av Toscana. Denne sjarmerande byen lokkar ikkje berre med sin historiske sjarm, men også med småbutikkar, koselege  kaféar og restaurantar som speglar "Slow Food"-opplevingar med lokale råvarer og autentiske toskanske oppskrifter. Frå San Miniato opnar vi for moglegheita til å melde seg på ei dagsutflukt til den fantastiske renessansebyen Firenze. Alternativt kan du utforske dei sjarmerande landsbyane i nærområdet eller oppleve storbylivet i Pisa på eiga hand. På vegen attende til Roma vil vi ta ein omveg for å besøke ein vingard som ligg vakkert til i det toskanske landskapet før vi kjem til byen Fiumicino ved kysten, der det blir avslutningsmiddag og overnatting på eit koseleg hotell.
3 reiser neste tur 13 november
Andrea Bocelli i heimbyen Lajatico
13. - 17. juli 2024. Grøne åssider, vakre landsbyar og gode smakar kjenneteiknar Toscana. Kvart år inviterer den verdskjende tenoren og operasongaren Andrea Bocelli til utandørs operakonsert i heimbyen sin Lajatico. 2024 er også året då Bocelli feirar 30 år som artist, og vi har sikra oss billettar til denne store hendinga. Fotefar gjentek suksessen frå 2023, og inviterer deg til å dele denne fantastiske flotte musikalske opplevinga med oss. På turen skal vi bu i byen Montecatini Terme, som ligg midt mellom Firenze og Pisa. Byen har eit spennande sentrum med mange kaféar og butikkar. I tillegg er Montecatini Terme berømt for kurbad og er rekna som den mest kjende av spa-byane i Toscana. I tillegg er byen rekna som eit senter for art nouveau-arkitektur, ein stil vi kjenner som Jugendstil. Som elles i Toscana er det kort veg til dei som dyrkar mat, og vi vil på denne turen få smake på ekte toskanske matrettar med lang historie i regionen. I tillegg til konserten med Bocelli får du høve til å oppleve renessansebyen Firenze, og vi skal besøke ein spennande vingard som ligg vakkert til i det toscanske landskapet.    
2 reiser neste tur 13 juli
Kulturreise til vakre tyske byar med Gunnstein Akselberg
18. - 24. mars 2025 Professor Gunnstein Akselberg, best kjend frå Eides språksjov, har lenge interessert seg for fleire av dei vakre, tyske kulturbyane. Dei har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk, arkitektur og religion, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie. Under denne flotte turen bur vi godt og sentralt i musikkbyen Leipzig, der det er relativt korte avstandar med buss til besøk i dei spennande byane Weimar, Dresden, Halle, Eisleben, Eisenach, Torgau og Wittenberg. Under bussturane og på dei aktuelle attraksjonane vil Gunnstein guide og fortelje. I tillegg vil han halde kåseri på hotellet. På reisa opplever vi viktige stader i Martin Luthers aktive reformasjonsliv. Vi får høyre om korleis arven etter Luther har påverka Europa kulturelt og politisk fram til i dag. Johan Sebastian Bach var fødd og oppheldt seg det meste av livet sitt i området vårt. I Leipzig, Eisenach og Weimar besøker vi viktige stader knytte til Bachs liv og verksemd. Georg Friedrich Händel trødde barne- og ungdomsskoa sine i Halle, der han var fødd og der han fekk musikalske impulsar som prega han resten av livet. Johann Wolfgang von Goethe og Friedrich Schiller, to av dei store kanonane i europeisk litteratur, hadde begge lengre opphald i Weimar der dei spela ei viktig rolle i byens kulturliv. Historikaren Rasmus Sunde er reiseleiar på turen, og på bussturane vil han snakke litt om tysk historie. Vi satsar elles på å få med oss ein klassisk konsertar av høg kvalitet.   
3 reiser neste tur 18 mars 2025
Fargerike og eksotiske Marokko
23. - 30. november 2024. Velkommen med på ein draumetur til fargerike og eksotiske Marokko. Vi bur heile veka på ein nøye utvald Riad (tradisjonelt hotell) i Marrakech, og får god tid til å oppdage denne vakre byen. I gamlebyen blir vi møtt av alle dei sterke fargane og luktene frå Djemaa el Fna, ein av dei aller største marknadane i Nord-Afrika. Her kan ein kjøpe alt mellom himmel og jord, og det er god anledning til å prute. Rundt om på den store plassen kan ein oppleve alt frå slangetemmarar, dresserte aper, akrobatar og matboder med fantastisk god marokkansk mat. Like ved ligg dei tronge gatene og mange småbutikkane som utgjer Marrakech Souk. Her er det yrande folkeliv og herlege lukter frå alle krydderhandlarane, og mange utøver framleis tradisjonelle handverk som lær-, sko- og teppemakarar. Det blir også valfrie utflukter til den pittoreske kystbyen, Essaouira, som Torbjørn Egner brukte som modell for Kardemomme by, og til dei mektige, sagnomsuste Atlasfjella.  
2 reiser neste tur 23 november
Opplevingstur til Ålesund og omland med Gloppen Pensjonistlag
26.-29. august 2024. Turen er open for alle. I fire dagar skal vi oppleve fjordar og fjell saman på ein flott tur til Ålesund, hovudstaden på Sunnmøre. På programmet står blant anna det freda kystkulturminnet Alnes Fyr, den vesle øya Ona, den gamle slektsgarden Rekkedal og den tronge og dramatiske Nordangsdalen. I tillegg skal vi sjå den 96 meter høge Zachariasdemninga i Tafjorden. Jugendstilbyen Ålesund har ein karisma og eit bybilete som er kjent langt utanfor Norges landegrenser. I 2013 kåra National Geographic Ålesund til ei av dei vakraste hamnene i Europa. Byen er kjend for fiske og fangst, og vi skal bokstavleg talt bu «på kaia» i Ålesund.   Eit av fleire høgdepunkt på turen er øya Ona og Ona fyr. Ona er Norges sørlegaste fiskevær med om lag 20 fastbuande. Vi skal slappe av og nyte ein dag her saman. På øya finn vi hotellet Ona Havstuer, to keramikkverkstadar, ein liten kafé, ein butikk og eit kapell.      
1 reise 26 august
Vandretur på Shetland
26. juli - 2. august 2025. Velkommen med på vandreturar i vikingane sine fotefar til Shetland. Vi startar med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi bur fint til i den vesle bygda Brae. Derifrå skal vi utforske det grøne, gjestfrie landskapet i dette øysamfunnet som har så mange spor etter vikingane. Vi besøker dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og stader som er sentrale i sagalitteraturen. I tillegg får vi med oss dei viktigaste minnesmerka knytte til Shetlandsgjengen under krigen. Vi legg opp til vandreturar på om lag 2-4 timar i relativt lett terreng dei fleste dagane. Vandreturane kan klassifiserast som relativt lette, medan nokre av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng.    
1 reise 26 juli 2025
Fantastiske Færøyane med Dag Lindebjerg
26. mai - 1. juni 2025. Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Bli med TV-profil og Vesterled-entusiast Dag Lindebjerg på ein innhaldsrik tur til våre naboar i vest. Dag er journalist frå Bergen og har i mange år vore programleiar både i radio og TV. Etter NRK-serien han laga frå Vesterhavsøyane, ville han gjerne tilbake dit. Han vart kjentmann for grupper av nordmenn som ville over, og mange har hatt glede av å vere med han på kjekke reiser. No kan det vere din tur! Med sin engasjerande formidlarstil deler Dag raust av sine store kunnskapar om geografien, historia og folket.  Den storslegne naturen på Færøyane er ei av årsakene til at National Geographic tidlegare har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet med knapt 50 000 innbyggarar har også meir enn særeigen natur å by på. Folka på Færøyane er opne og hyggelege, og dei har ei spennande historie og eit rikt kulturliv. Historia til Færøyane er sterkt knytt til Norge, då det lenge var ein del av Norgesveldet. Vår eigen Kong Sverre voks opp her, og vi skal blant anna besøke garden han kom ifrå, Kirkjubøur. Færøyane som består av 18 øyar, er «toppen» av ei undersjøisk fjellkjede. Slættaratindur med sine 880 m.o.h. er det høgste av fjella og eit av turmåla våre denne veka. Vi skal også besøke små bygder som Gjogv, Gasadalur og Gøta, og vi skal bli kjende med den spennande hovudstaden Tórshavn.    
2 reiser neste tur 26 mai 2025
Berlin med Erik Fosnes Hansen: 500 års tysk historie på 5 forelesingar
05 - 09. september 2024. Berlin er hovudstaden i Tyskland, og blir av mange rekna som den mest spennande storbyen i Europa. Dette er lett å skjønne på grunna av byen si svært interessante historie og rike kultur- og musikkliv. Fotefar teamareiser er svært glade for å tilby ein tur nettopp til Berlin med forfattaren Erik Fosnes Hansen. Han er kjend og kritikarrost for romanane sine, og bøkene hans er omsett til 30 ulike språk. I den siste boka Tyskland på 200 sider – historien om mange land som ble til ett skriv han om dette landet som har påverka verdshistoria på godt og vondt. Kvar dag held han kåseri om ulike sider av Tyskland og Berlin, og på utflukta til Potsdam vil han med forteljarglede ause av sine store kunnskapar. Erik Fosnes Hansen vil også guide på byvandringane gatelangs i Berlin der vi blir kjende med dei flotte og monumentale bygningane som vart så mykje øydelagde under krigen, men er vakkert restaurerte. På vandreturane får vi også med oss besøk i det 368 meter høge og imponerande TV-tårnet i tillegg til orgelandakt i den vakre kyrkja, Berliner Dom. Det er også sjanse til å få med seg ein flott klassisk konsert. Frå Fotefar har vi med oss historikar Rasmus Sunde som reiseleiar. Han kjenner Berlin godt då han har guida grupper fleire gonger i byen. Vi har tilbod om å bu på to ulike hotell, eit 4* og eit 3*, og såleis blir turprisen forskjellig alt etter kva hotell ein vel å bu på.
4 reiser neste tur 5 september
- Alle temareiser samlet. Søk inspirasjon og bestill!
Systersajter
Top